Det er nokre år sidan det var endringar i trimprogrammet. I 2017 vil vi gjere endringar som medfører at vi flyttar på tenger som inngår i klippekortet.
- Hangsete går ut til fordel for Våkeldahaug slik at ein får to utsiktspunkt som tek pusten av deg i Njøs-området.
- På grunn av anleggsarbeidet i Huksdalen fram til og med 2018, vel vi å ta ein pause frå Stavsete og Nyastøl. Hest og Smørklett kjem inn att på trimprogrammet. Vi unngår då å redusere tilbodet for dei som har tilhold i området Grinde til Eggja.
I Huksdalen må tengene hentast inn i haust. Sidan ein tek vekk gangunderlaget på brua til Nyastølen i oktober, ber vi om at alle som har att postane Nyastøl og Stavsete snarast får dei unna. Tengene vil bli samla inn seinast 1. oktober.