
Haustfargane er komne. Gradvis blir nyansane av grønt erstatta med eit vidare fargespekter før hausten går over til vinter. Innsamlinga av bøker frå dei ulike postane kan ta til.
Vi set stor pris på om du kan vere med og hjelpe oss.
Kva skal du gjere?
Plukk ut av turpostkasssen plastboksane med bok, blyant, viskeler og spissar. Ta han med til ein av oss. Klyppetengene skal ikkje takast med. Dei skal henge att i turpostkassen. Om vi ikkje er heime når du kjem forbi, set boksen i garasjen mellom bilane, på terrassen eller ved inngangsdøra.
Prioriter postane over 900 moh først: Hest*, Kjeringafjell, Vassvarden, Lusaskard, Bergsete og Rjupeskard. Bøkene på Stavsete og Nyastølen i Huksdalen er henta inn 25.09.
*) På Hest skal det festast ei klyppetang i turpostkassen for 2017-sesongen. Ta kontakt med Arild Bjørk på 95206049 så får du tanga og instruksjonar på festing.