Kategoriarkiv: Fotball

Vinterdugnad på nye stadion

Det vert dugnad på bana 31.oktober. Førebels tidspunkt er kl.10.00, me ventar at mykje er gjort på 3 timar.

Det er litt forskjellig som skal gjerast. Det handlar om å gjere anlegget klart for vinteren. Nils Magne og Jørgen er kontaktpersonar for dugnaden.

Me skal:

  • Fordeling av grus på sørside
  • Opprydding og vassvegar under klubbhus
  • Stenging av veg inn til bana
  • Flytting av fresemassar, evt utlegging om me har eit område som er klart
  • Sandhaug ved snuplass utanfor bana

Så grapse, spade, rake, kost er gode reiskapar. Om nokon har ei trillebår er det fint også.

Dei som har anledning til å stille, kan melde seg til Jørgen, jorgen.eikenes@disfva.no

Kan elles opplyse om at dugnaden med rulleplenen sparte Syril for 230 000 kr! Ikkje dårleg for ei helg med dugnad.

Vintertrening Syril fotball

Syril fotball har sett ned ei gruppe som har sett på alternativ for vintertrening. I dokumentet finn de utgreiingar som gruppa har gjort. Merknadar og synspunkt kan meldast til Runa Aaland Eggum på epost runaeggum@gmail.com, eller telefon 957 56 106 innan 20.oktober 2020. Etter dette vil styret fatte vedtak om kva alternativ ein skal arbeide vidare med. 

Alternativ for vintertrening Syril fotball

Syril fotball er og interessert i å kome i kontakt med personar i Syril som kan tenke seg å bidra med vedlikehald og anna knytt til kunstgrasbana. Om nokon tenker dei kan bidra her, er det berre å ta kontakt. 

Bana stengt for trening og publikum

Laurdag 19.september og sundag 20.september skal Syril arrangere miniputturnering. Med reglane for korona på arrangement, kan ikkje andre enn deltakarar på turneringa opphalde seg på bana/publikumsområde/ved utstyrsrom og garderobeanlegg medan turneringa pågår. Turneringa er ikkje ope for publikum, anna enn den som følgjer spelar på turnering. Tidsrom for turnering er kl. 10-17.30 begge dagar. Ver venleg å ikkje oppsøk baneområdet på denne tida.

Bana stengt for trening og publikum

Laurdag 29.august og sundag 30.august skal Syril arrangere miniputturnering. Med reglane for korona på arrangement, kan ikkje andre enn deltakarar på turneringa opphalde seg på bana/publikumsområde/ved utstyrsrom og garderobeanlegg medan turneringa pågår. Turneringa er ikkje ope for publikum, anna enn den som følgjer spelar på turnering. Tidsrom for turnering er kl. 9-16.30 begge dagar. Ver venleg å ikkje oppsøk baneområdet på denne tida.

Registrering av publikum på Syril stadion

No er det laga QR-kode for registrering i høve smittesporing.

Alle som er publikum på kampar på Syril sine anlegg må registrere seg med namn og telefonnummer. Skriv og opp barn du har med.

Framgangsmåte:

  • Gå inn på kamera
  • Hald kamera over kode
  • Følg link som kjem opp på skjermen
  • Registrer deg

Dei som ikkje har anledning til å scanna kode, må registrere seg på papir som vanleg. Kampvert er ansvarleg for registrering.

Registreringa vert oppbevart i 14 dagar for mogeleg smittesporing.

Velkomen til kamp på Syril stadion!

Dugnad Syril stadion

Hei

Yes, no må me trø til! Det blir legging av rulleplen til helga, på fredag og laurdag (21 og 22). Syril sparar 100 000 kr på denne dugnaden, her har me god timebetaling. Det er denne helga det er mogleg å gjennomføre på grunn av anlegget elles, så her må Syril syna at me kan få jobben gjort!

Arbeidet organiserast i tre økter:

Fredag 21.08: 1700 – 2100

Laurdag 22.08: 0900 – 1500 og 1700 – 2100

Me treng om lag 15 personar tilstades under alle øktene. Me tenker å organisere arbeidet i arbeidslag a 4 – 5 personar.

Det trengs kun arbeidshanskar, sterk rygg og godt humør for å vere med på dugnad. Arbeidet er enkelt, men ein risikerer å få litt trening!

Per Hauge er dugnadsleiar og vil vere tilstades.

Påmelding til dugnad kan gjerast ved å kontakte Kitty Krosshaug på e-post: kittyrenate5@hotmail.com

Tek nokon utfordringa og stiller på to, eller til og med alle tre øktene?

Vel møtt til dugnad!

Status støtte til friidrettstadion

Medlemar i SYRIL har no betalt inn over kr. 50 000 til hjelp for å få ferdig friidrettsstadion. I tillegg fekk vi kr. 30 000 i koronamidlar frå Sparebankstiftinga. Tusen takk til alle. Det gjer at vi har bestemt oss for å gjere ferdig grunnarbeida og løpebana. Vi har ikkje midlar til kunstgras på tre-ar-banene eller til gras på grasbanedelen, men det jobbar vi med.

I tillegg har vi fått kr. 400 000 frå sparebankstiftinga til lysanlegg. På bilete som er vedlagt, ser de overrekking til vår prosjektleiar Jørgen Dahle Eikenes frå banksjef bedriftsmarked i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan Petter Vadheim.  Men lysanlegget kostar om lag 1,2 mill. kr. Vi vil søke om spelmidlar, men eigenandelen klarar vi ikkje å finansiere. Kvar krone frå dykk medlemmar kjem godt med.

Vi håpar difor at enno fleire av medlemmane i SYRIL ønskjer å hjelpe. Det kan ein gjere med ei ekstra gåve som ein betalar inn på konto 3781.07.31029 eller VIPPS 88235. Merk innbetalinga med «Støtte til Friidrettsstadion». Beløpet er valfritt.

Alle medlemmar med registrert e-postadresse får denne eposten. Dersom du veit om andre som kanskje kan vere interessert i å støtte, så send gjerne denne eposten vidare.

Helsing

Friidrettsvener i SYRIL

Gruppe for treningstilhøve vinterstid

Syril fotball har etablert ei gruppe som skal utgreie treningstilhøve på vinteren. Gruppa består av Nils Magne Slinde, Erlend Husabø, Svein Jarle Skårhaug og Runa Aaland Eggum. I går var gruppa på besøk hjå driftsleiar i Sogndal fotball, Nore Hjellhaug, for å høyre om deira erfaringar frå vinterdrift. Det var eit interessant møte og eit godt grunnlag for vidare arbeid. Stor takk til Nore som stilte opp. Gruppa arbeider vidare og tek sikte på å ferdigstille arbeidet tidleg haust. Om du har innspel til arbeidet er du velkomen til å dele desse innan 12.juli. Dette kan gjerast ved å ta ein telefon til Runa Aaland Eggum på 95756106 eller sende ein e-post til runaeggum@gmail.com.