Kategoriarkiv: Fotball

Motivasjonskveld for unge, nye og gamle trenarar

Onsdag 19. april kl. 18-20, 4. etg. i Saften

Syril Fotball ønskjer fleire unge, nye og «gamle» trenarar med, og inviterer alle til motivasjonskveld!

Saman med oss er Marius Kloster frå Sogndal Fotball og Sogn og Fjordane fotballkrets. Marius er trenar- og spelarutviklar, og fagansvarleg for barnefotball. På motivasjonskvelden snakkar Marius bl.a om «Å skape gode opplevingar» og «Klubbtilhøyrsle». Syril Fotball fortel også kort om prosjektet «Alle jenter på bana» og fotballdag for jenter, 23.april.

Vi håpar at dagens trenarar og ikkje minst unge, nye og kanskje framtidige Syril-trenarar blir med! Motivasjonskvelden er også open for andre interesserte.

Frukt – Bollar – Kaffi -Te

Velkommen!
Syril Fotball
«Alle jenter på bana» og Sporsleg utval

Trenarforum med Nils Tore Krosshaug

Måndag 3.04.17 var eit tjuetals engasjerte trenarar med på Trenarforum i Syril fotball.

Nils Tore Krosshaug fortalte korleis ein trener alderbestemte i Sogndal, og
ikkje minst kvifor dei gjer det. To stikkord var:

  • høg intensitet og
  • mykje ballberøring

Men elles kom Nils Tore med mange godt tips til våre trenarar.

Nytt styre og treningsavgifter for fotball

Samansetninga av det nye styret finn du her: https://syril.no/ball/fotball/

Treningsavgifter finn du her: https://syril.no/ball/fotball/trening/

Vi gjer merksam på at i år er medlemsavgift/-kontigent IKKJE inkludert i treningsavgifta for senior herrer eller damer. Alle må betale medlemsavgift/-kontigent i tilegg til treningsavgifta.

Kvalifisering KM futsal

Kvalifisering KM futsal aldersbestemt vart gjennomført i helga.

Syril hadde totalt 8 lag frå ulike årskull med, og kampane vart spelt i Vik laurdag og sundag.

Følgjande 4 lag fra Syril kvalifiserte seg til sluttspelet i Trivselshagen på Sandane laurdag 4. og sundag 5. mars:

G 13

J 13

G 16

J 16

Syril Fotball gratulerar alle med god innsats på kvalifiseringa og ynskjer dei som skal på sluttspelet på Sandane lukke til.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Syriljenter uttekne i Team Sogn og Fjordane

For perioden 1.feb-30.jun 2017 er følgjande spelarar frå Syril uttekne i NFF Sogn og Fjordane si satsingsgruppe for jenter:  TEAM Sogn og Fjordane

Synne Gjerde f. 2001

Nora Henjesand f.2003

Trenar for TEAM Sogn og Fjordane er Jan Tore Jåstad og Runar Tangen (keeper).

Foreløpig aktivitetsplan er:

Laurdag 11. februar – Oppstartssamling i Førde

Onsdag 1. mars – Kaupanger, kamp mot KIL damer

Syril Fotball gratulerar med uttaket og ynskjer lukke til!

Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar