Kategoriarkiv: Fotball

Praktisk info om fotballskulen

  1. tfs logoTine Fotballskule startar måndag 14. august med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09:50 på kunstgrasbana.
  2. Tysdag til torsdag er det oppmøte på kunstgrasbana klokka 09:50.
  3. Fotballskulen er ferdig klokka 14.30.
  4. Alle aktivitet vil vera omkring dei 2 fotballbanene på Syril stadion.
  5. Det er viktig at deltakarane tek med drikkeflaske, nistepakke og klær etter behov.
  6. Torsdag avsluttar vi med grilling(værforbehold)

Innhalde for dei 4 dagane vil sjå omlag slik ut:

10:00-11:30 Fotballøkt m.m.
11:30-12:15 Lunsj
12:15-14:15 Fotballøkt m.m.
14:15-14:30 Samling i sirkelen og info om neste dag.

Instruktørar under årets Tine Fotballskule vil vera trenarar og spelarar frå Syril.

Ta kontakt med Steinar Røysum ved spørsmål kring Tine Fotballskule: s-roysum@frisurf.no eller mob. 90145370.

Syril J8 med keepertrening

Syril J8 har hatt besøk av Bjørn, Malin og Odd-Bjørnar frå Skjeldestad keeperskule. Dei hadde ei heil økt med keepertrening med alle jentene. Eit av måla er å inspirere jentene til å bli keeper, slik at vi om nokre år har nok keeperar å ta av. Samstundes får jentene sine trenarar gode tips og døme på keeperøvingar som vi kan bruke i våre eigne økter.

Bjørn kjem tilbake til hausten for å ha ei ny keeperøkt med alle jentene. Vi gler oss allereie!

Klubbdommarkurs i Syril

Fredag 2. juni arrangerte Syril klubbdommarkurs. 10 kjekke og lydhøyrde ungdommar brukte fredagskvelden til å ta 1. trinn i dommarutdanninga. Ein klubbdommar vil etter gjennomført kurs vere kvalifisert for å dømme 7-ar og 5-ar fotball, primært i barnefotballen (6 til 12 år) i eigen klubb.

Tusen takk til kurshaldar Marianne Laugerud frå NFF Sogn og Fjordane. Marianne er ein erfaren dommar som har dømt både for 1. divisjon damer og 3. divsjon menn.

20170602 Klubbdommarkurs
Kursdeltakarar: Amund Vikdal, Matias Vikdal, Espen Hickman, Gøran Njøs, Synnøve Fosshagen, Snit Ogbai, Kine Stokkenes, Sindre Thue, Runa Vangsnes og Nora Henjesand.

 

Syril senior vann igjen!

Syril vann nok ein kamp i 5. divisjon i kveld. Det vart ein fortent 2-1 seier over Balestrand, dette varma publikum på ein kald kveld. Det var ein jamn kamp som det unge Syril-laget kjempa til sin fordel.

Det skal verta moro å følgja dei utover sesongen, er heilt sikker på at alle desse unggutane vil utvikle seg vidare og gje oss mange fine kamper på banao framover.

Sportsleg leiar

Syril fotball

Klubbdommarkurs

Kurset vert helde fredag 2. juni kl. 18 – 20.30 på barneskulen.

Det er miniputturnering på Syril stadion sundag 11. juni – håpar dei som tek kurset kan dømme på den.

Dei som vil delta på kurset må svare innan laurdag 20. mai til lagleiar.

Treng og å vite om ein kan dømme på turneringa eller ikkje

Når ein har fullført klubbdommerkurset, kan ein dømme 5’ar og 7’ar kamper opp t.o.m 12 år. 

Du må vere fødd i 2003 eller før for å delta.

Søndag var det stor aktivitet på stadion

Søndag var det stor aktivitet på fotballbana og Syril innvia det nye driftsbygget

IMG_1744Syril deltek i fotballkretsen sitt prosjekt «Jenter på bana». Målsettinga med prosjektet er mellom anna å rekruttere fleire jenter og behalde jentespelarar lengre.Søndag 23.4. arrangerte Syril i samarbeid med kretsen fotballdag for dei yngste jentene med øvingar, ballkonkurransar og mini-turnering 3-ar spel, sjølvsagt god servering og musikk frå det nye driftsbygget. Seinare på dagen var det klart for seniorkamp mellom Syril og Sandane, der Syril sikra seg 3 poeng.

Leiaren i Syril, Per Hauge takka for alle bidrag som har gjort at vi kan ta i bruk nytt driftsbygg. Syril takkar næringslivet for gode bidrag til driftsbygget: Leikanger mur og flis, Skoge Bygg, Jatak Kaupanger, Sogn Røyr, Solberg elservice, Coop byggmix, Erling Røysum AS. Også ein takk til Leikanger kommune for eit godt samarbeid.

Syril er avhengig av dugnadsinnsats for å holde stor aktivitet og gje mange eit kjekt tilbod, og for å realisere eit slikt bygg. Mange har stilt opp på dugnadane, og det er vanskeleg å liste opp alle. Leiaren i Syril trekte fram 4 representantar for den gode dugnadsånda som har gått i bresjen for arbeidet: Nils Magne Slinde, Tore Stølen, Lars Ivar Menes og Lene Slinde.

FullSizeRender