Kategoriarkiv: Arrangement

Birkebeinerrennet 2022

Me har tidlegare annonsert at 2022 vert vårt siste arrangement på Lillehammer og Birkebeineren Hotel & Apartment. Og det vedtaket står ved lag. Me har bestilt 7 leiligheiter og 4 doble rom. Det meste er på plass. Blir du med?

Det kritiske for oss er antalet på bussen; jo fleire, jo rimelegare. For å forsvare turen, må me vere 20 – 30 frå Sogn. Bussen kostar min kr 30.000. Leiligheiter kan me meir tilpasse etter antalet. Så kjenner du nokon som skal delta, så har me plass. Me har også plass til folk som vil ta turen, utan å gå rennet (sambuar, nabo, tidlegare løpar).

For å gi ein prisantydning ved 20 i bussen,  vil totalpakka koste ca kr 3500 (buss/ hus/ mat).

I tilfelle at det ikkje blir noko fellesarrangement, kan det vere at nokon er interessert i leilgheitene.

Gi oss ein rask tilbakemelding:

1.       Blir med på heile opplegget

2.       Blir med på hotell + buss til Rena

3.       Interessert i rom/ leigheit dersom fellesarrangementet vert avlyst

Svarfrist 10. februar.

Om du ynskjer å vere med, ta kontakt med Nils Henjum, Nils Magne Slinde eller Lars Magnar Røneid.

Klepparennet

Syril inviterar til SSF Cup Klepparennet søndag 16.januar. Rennet startar kl.12, og stilarten er klassisk intervallstart.

Påmeldingsfrist er fredag 14.janaur kl. 23.59. Grunna restriksjonar med kohortar tek vi ikkje etterpåmeldingar.

Les meir om påmelding, premiering, klassar og distansar, start og anna informasjon her: Klepparennet

Innkalling til årsmøte 2020 i Syril

Måndag 15. mars 2021 kl. 19.00 i Tingsalen.

Kun styremedlemmar kan møte i tingsalen av smittevernomsyn. Alle andre er velkomne til å delta på nettmøte (på Teams). Sjå sakliste og link til teams nedanfor.

Saksliste:

Microsoft Teams-møte

Bli med på PC-en eller mobilappen

Klikk her for å bli med i møtet

Syril – akademiet

Nå har vi gjennomført ei kartlegging om det var interessa for deltaking på Syril akademiet, og det var det, ca. 35 stk. ønskjer å delta, det er framleis plass til fleire.

Så første helga med Syril akademi vert 9-11 april, med treningsøkter fredag, laurdag og søndag.

Tilbodet er retta mot jenter og gutar i alderen frå 11 år t.o.m. 15 år (f 2010 – 2006) som er motiverte for å trena ekstra. Dette vil vera eit ekstra tilbod der ein kan få nye impulsar og utvikling leia av dyktige trenar.

Det signaliserte informasjonsmøte vert ikkje gjennomført pga. smittevernshensyn, men alle som skal delta på akademiet møter på bana torsdag  8. april kl. 18 for meir informasjon og utdeling av genser.

Har de spørsmål så berre ta kontakt med Steinar Røysum på e-post s-roysum@frisurf.no eller på tlf. 90145370.

Påmelding skjer ved innbetaling av deltakaravgifta på kr 500,- til VIPPS 111103 eller konto 3781 14 13101 innan 26. mars 2021, merk med AKADEMI, legg inn str. på genser.

Informasjonsskrivet

Premiar for skikarusell 2020

Det blei diverre ingen premieutdeling for skikarusellen i år. Premiane er sett ut for henting i garasjen ved Stukestølen 11 på Dalen. Alle som deltok får premie. Premiane må hentast innan 23.desember.

Informasjon om skikarusell 2021 kjem snart.

Barneskigruppa

KM sluttspel J 13/14

Måndag 16.november var Syril J 13/14 til Førde og spelte den første av to kampar om KM-tittelen. Syril sine jenter vann 4-1. Førstkommande sundag er det ny kamp mot Førde 1, denne gongen på Syril stadion. Så møt opp sundag 22.november kl.14 og hei jentene fram til siger og KM-tittel!