Til helga er det KM futsal kvalifisering i Leikangerhallen. Både laurdag og sundag er det kampar frå 10.30-17.00. Her finn de fullstendig kampoppsett. Møt opp for ei helg fylt med spennande fotball innandørs. Kiosken er og open, med mykje utval!
Sundag 15.januar er det futsalturnering for 10-14 år i Leikangerhallen. Det er kampar heile dagen frå kl.10 til kl.17. Møt opp for ein dag fylt med spennande fotball innandørs. Kiosken er og open. Ta sundagskaffien i Leikangerhallen!
Syril handball gjentek suksessen frå i fjor, og gler oss til på ny å kunne invitere til sesongopning i Leikangerhallen.
Me har fokus på å bygge positivitet rundt frivilligheit og fellesskap for å kunne skape noko, samt å gi påfyll og læring til spelarar, foreldretrenarar og andre i støtteapparatet. Føredraga dreiar seg rundt dette, samt korleis ein skapar god lagskultur som dyrkar fram trivsel og meistring.
Vår eigen Rasmus Mo opnar arrangementet på fredag, og heile Norge si Linn-Kristin «Linka» Riegelhuth Koren er klar for økter og føredrag på laurdag 🤩
Ei spanande veke i Oslo er forbi, og det har vore god innsats frå alle tre laga. Gode oppdateringar har det vore undervegs, og det ser ut som det har vore ei kjekk veke både sportsleg og sosialt. Gratulerar til J 13/14 med 2.plass og sølvmedalje. De imponerar!
Måndag 8.august til torsdag 11.august arrangerar Syril Fotball Tine fotballskule for dei som er fødde i 2014, 2013, 2012, 2011 og 2010. Meir informasjon kjem.
Skikarusellen på Kleppa startar 12. februar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren:
Laurdag 12. februar kl. 12-13
Laurdag 5. mars kl. 12-13
Laurdag 12. mars kl. 12-13
Laurdag 19. mars kl. 12-13
Laurdag 26. mars kl. 12-13 Premieutdeling/sesongavslutning kl. 13.30.
Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.
Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 130 kroner og vert seld på Kleppa når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.
Fjellturar
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 25. mars.
Premiering
Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle påmeldte deltakarar. Det vert premieutdeling laurdag 26. mars.