Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Informasjon frå fotballkretsen angåande nye restriksjonar.

I tråd med nasjonale retningslinjer vil det frå og med 15.desember bli innført koronarestriksjonar i høve fotballaktiviteten.

Les om retningslinjer som blir gjeldande her:

Dette betyr koronarestriksjonene for din fotballaktivitet – Norges Fotballforbund

Nye koronatiltak får konsekvenser for fotballen – Norges Fotballforbund

Landslagsskuletiltak (sonelag,kretslag) og planlagte kretsarrangement (futsal, KM Oldboys) i perioden 15.des-15.jan blir avlyst. Informasjon og status for andre tiltak (t.d.møter, kurs) blir gitt på eit seinare tidspunkt.

Vi er særs lei oss for at aktiviteten igjen bremsast opp som følge av smittesituasjonen. Samstundes har vi i koronaåra sett at fotballen evner å legge til rette for trygg aktivitet innan dei rammer som blir gitt. Dette skal vi klare også denne gongen!  

Etterlyser årsmeldingar

Syril skal avlevere arkiva sine til fylkesarkivet. På den måten sikrar meg god og trygg oppbevaring av materiell som dokumenterer SYRIL sin aktivitet frå 1946 og fram til i dag. Det beste dokumentet i nyare tid som oppsummerer all aktivitet i laget, er årsmeldingane. Me ønskjer difor å kunne levere det komplett for dei siste 40 års dvs. tilbake til 1980. Men til det treng me hjelp for me manglar to årsmeldingar etter at me har leita gjennom alt me har av materiale. Dersom nokon har nokon av desse to, er det fint om me enten kan overta eller låne eksemplaret for å ta ein kopi.

Dei to me manglar er:

·         2003

·         2001

Om du har nokon av desse liggande, ta kontakt med Nils Magne Slinde, tlfnr: 901 54 550, eller epost: nmslinde@gmail.com

Vinnarar Syril Trim 2021

Hurra! Vinnarane i årets Syril Trim er klare!

Det har vore nok ein flott sesong for Syril trim med stor auke i antal selde trimkort. Tal innleverte trimkort er omtrent som i fjor. Også i år er det mange barn/unge som har fullført, stor applaus til både barn og foreldre!

Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30.

Ein stor takk til Erling Røysum AS og Små Livgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Dei gjer det og enkelt for oss i samband med sal og innlevering av trimkort.

Vi vil òg takke dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmester Langeteig & Volldal AS, som støttar aktiviteten vår.

Takk også til alle gode hjelparar med smått og stort i løpet av sesongen (legge ut nye bøker, rydde stiar, klopper, fikse trimkasser m.m.). Vi set stor pris på all hjelp vi får!

Vinnarar av turposttrim og gåvekort à kr 1.000:

  1. Tarjei Fykse Lomås
  2. Frida Fykse Lomås
  3. Eline Dimmen Henjum
  4. Hege Nilsen Nornes
  5. Lena Steig
  6. Rita Steig
  7. Lena Søderholm
  8. Hildur Liljedal Stølen
  9. Tonje Fjeld Hæreid
  10. Johannes Hamre
  11. Espen Sæterbø
  12. Kjell Remø
  13. Siw Merete Stadheim
  14. Nils Magne Slinde
  15. Bodil Nornes
  16. Steinar Fredheim
  17. Kjell Arne Valvik
  18. Ola Nornes

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  1. Filip Myren Sæterbø
  2. Guro Marie Bruteig Bøyum
  3. Even Thue Wathne
  4. Selma England Skårhaug
  5. Frode Ølmheim
  6. Solbjørg K. Halland
  7. Ingrid Amundsen
  8. Magna Vangsnes
  9. Mari Fykse
  10. Ingrid Fredheim
  11. Beate Vangsnes
  12. Elisabeth Steig Eikeberg
  13. Borgtor Bøyum
  14. Rolf Almås
  15. Kjetil Ølmheim
  16. Bente Olsmo Høgheim
  17. Perny Kristine Dimmen
  18. Amalie Dimmen Henjum
  19. Kristin og Johanne Fredheim
  20. Siri R. Heggenes
  21. Gerd Karin Gjøringbø
  22. Astrid Solberg
  23. Linda Føleide Skinlo

Vi gratulerer alle med god innsats, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år og.

Gåvekorta får de i løpet av dei komande dagane!

Før snø 2021 – del 2

Vi oppfordrar alle som bruke skiløypene til å bidra kort eller lang tid. Ta med barna! Vi blir fleire der med barn og vi trenger hjelp av alle

Skiløypene må ryddast for tilvekst for at trakkemaskinene skal komme fram til vinteren. I år fokuserer vi på løypene på Øvstestølen og området der oppe. Ta med:

  • passende utstyr, oppfordrar særleg de som har ryddesag om å ta den med
  • matpakke
  • godt humør 😉

Vi møtes på Kleppa ved skihytta laurdag 30.10 kl 10 og går samla opp. Bli med så łenge du kan…

PS! Mesteparten av løypene på Øvstestølen vart gått over forrige laurdag.

Syril fotball treng folk til styreverv!

Hei alle foreldre og engasjerte i Syril Fotball

Det skal no velgjast nye personar til ein del verv til Syril Fotball. Posisjonane som no er på val er

1. Sportsleg leiar

2. Arrangementsansvarleg

3. Kontaktperson for seniorlaget

4. Økonomiansvarleg

5. Kontaktperson aldersbestemt 

I tillegg er leiar og nestleiar på val, og miniputtansvarleg har bedt om å verte friteken frå vervet, så desse verva er og ledige.

Les meir om dei ulike verva.

Valnmenda har vore i kontakt med ei rekke navn, utan at ein har lukkast med å kunne innstille på posisjonane. Syril er avhengige av personar i desse rollene for å kunne oppretthalde det aktivitetsnivået me ynskjer både for aldersbestemte grupper og vaksne. Me vil derfor her «søke» etter personer som kan tenke seg å påta seg verv eller på anna måte bidra innafor dei posisjonane som er nemnt over. 

Interesserte vert bedne om å ta kontakt med Gro Linde mobil 975 39 699,  Rune Henjesand på mobil 957 81 492 eller Tony Borlaug på mobil 911 96 049