Hei alle foreldre og engasjerte i Syril Fotball
Det skal no velgjast nye personar til ein del verv til Syril Fotball. Posisjonane som no er på val er
1. Sportsleg leiar
2. Arrangementsansvarleg
3. Kontaktperson for seniorlaget
4. Økonomiansvarleg
5. Kontaktperson aldersbestemt
I tillegg er leiar og nestleiar på val, og miniputtansvarleg har bedt om å verte friteken frå vervet, så desse verva er og ledige.
Valnmenda har vore i kontakt med ei rekke navn, utan at ein har lukkast med å kunne innstille på posisjonane. Syril er avhengige av personar i desse rollene for å kunne oppretthalde det aktivitetsnivået me ynskjer både for aldersbestemte grupper og vaksne. Me vil derfor her «søke» etter personer som kan tenke seg å påta seg verv eller på anna måte bidra innafor dei posisjonane som er nemnt over.
Interesserte vert bedne om å ta kontakt med Gro Linde mobil 975 39 699, Rune Henjesand på mobil 957 81 492 eller Tony Borlaug på mobil 911 96 049