Syril har ein gjeng som har lyst å delta på NM veteran handball med eit damelag. Meisterskapet er siste helga i oktober, 28. – 30.10.2016, i Trondheim. Ein må ha fylt 35 år for å delta, og det er jo så klart ein fordel om ein har spelt litt handball før.
Thor Arne har vore på Coop Byggmix, henta avkapp og gjort klar ca 60 stikker for merking. Stikkene skal brukast til å merke opp sti eller retning til turpostar over tregrensa eller der det er vanskeleg å merke på andre måtar. Vi kjøper også inn raud spray til merking på stein og tre.
I første omgang ser vi for oss merking her:
Bergsete mot toppen av Kvannaskard – Det skal bli lettare å finne stien ned Kvannaskard (Thor Arne)
Bergsete mot Moldbakken – Det skal bli lettare å treffe stien som går ned Moldbakken (Thor Arne)
Sevi til Kjeringafjell – Frå sælet mot starten på stien som skråar opp og inn i Nuvedalen for lettare å finna den både på opp- og nedtur. Eventuelt nokre stikker opp til platået med Blankavatnet.
Lusaskard – Nokre stikker frå Rjupeskar (same namn som i Kleppa-området), der du kjem opp frå skogen på stien frå Skagasete mot Lusaskard.
Rjupeskar – Frå der stien skil lag frå stien til Stokksete (Arild)
Stokksete – opp til Kallbakk for å kome saman med stien som går vidare opp til Rjupeskar.
Smørklett – I hovedsak over myrene like før austryggen til turpostkassen (Arild)
Mælen – Frå der ein går av stien til Dalsbotnen. (Thor Arne)
Vassvarden – Vurderer nokre stikker i over Daurmålhaug.
Fadnastølen mot Kvannaskard – Nokre stikker frå sælet til Karin, over bekken og fram til der stien går inn mellom granfelta og opp til platået til Havravotni. (Arild)
Vil du vere med på merkinga, ta kontakt med Thor Arne eller Arild. Kontaktinformasjon finn du på trimsida: https://syril.no/trim/
Seint hausten 2015 vart det sett ut ny boks på Smørklett og lagt ut bok for å teste overvintringa i dei nye kassane. Boka ligg framleis i boksen, så det er berre å ta turen dit og skriva seg inn.
Frå Eggja går du stølsvegen. Ta av stølsvegen på høgste punktet ved treksilt. Følg merka rute herifrå til trimposten. Som eit alternativ to frå Eggja, vart det hausten 2015 merka sti gjennom Hamarskaret.
I dag tidleg vart det sett opp ein turpostkasse ved utsikten nær Kyrafossen. Turposten inngår ikkje som ein del av trimmen i 2016, men kan kome med eit seinare år når vi flytter klypptenger. I år vil du finna bok, å skrive deg i, i kassen.
For å koma til utsiktspunktet går du til Hangsetegrinda, i enden av traktorvegen frå Njøs mot Hangsete. Du kjem dit og ved å gå stien via Bjørgahaug mot Hangsete. Gå gjennom grinda og følg garden oppover. Litt oppi bryt stien av frå garden. Han er merka med raude prikkar og tydeleg i terrenget. Kassen heng ved stien, ved utsiktspunktet. Like over utsiktspunktet er det skilta tilbake til Hangsete.
Fleire har kommentert at dei ikkje ser skilnad på trimkorta for 2016 frå 2015. Vi kan trøyste dykk med at det ikkje er alt som er like godt synleg, men vi er trygge på at vi skil korta frå 2015 frå 2016.
Ikkje gløym at korta skal fungere som din kontrakt med deg sjølv. La det/dei vere din motivasjon med eit klart mål for sesongen. Utfordre gjerne andre eller ta dei med på ein tur som ein appetittvekkar. I motsetning til mange andre aktiviteter stiller ikkje trimmen store krav til utstyr. Du kjem langt med eit par gode sko.
Ta med mobil eller kamera på turane. Post gjerne bilete frå turane på Facebook-gruppa til Syril Trim eller send bilete og ei historie til nett@syril.no, så skal vi få lagt inn ei sak på syril.no. Det treng ikkje vere utsiktsbilete. Om det er dyr eller planter er det mykje fint som fortener foreving i naturen. Ver med og vis fram mangfoldet i Leikanger.
Men vi noterer oss ønskje om ulike kort og ser om vi kan få til ein meir fargesprakande trim dei komande åra.
Helga 22. – 24.4 er Syril Handball i Molde på Rosecup. Syril stiller med to lag: J15 og J16. Første kamp fredags kveld, for J15, enda med velfortent siger 16-11 over Sverresborg.