Eliteturneringar

18.-20.mars er det eliteturneringar for G14, G15 og G16. Amund Bäckstrøm Vikdal er teken ut på TEAM Sogndal i klassen G15, og skal til Stavanger og spele mot Odd Grenland, Viking og Haugesund. Kristian Knudsen Berg og Andre Thorsnes Talle er tekne ut på TEAM Sogndal i klassen G16. Dei skal til Trondheim og møte Sandefjord, Odd Grenland, Start og Molde. Syril gratulerar gutane så mykje med uttaket, og ynskjer dei lukke til.

Syril gutar

Her er bilete av dei 3 gutane med laget sitt på KM i 2015.

Syriljenter på kretslagsturnering for J16

Syriljenter_kretslag11.-13.mars skal SFFK sitt kretslag for J16 til Sotra for å spele kretslagsturnering. Der skal dei spele mot kretslaga i Akershus, Trøndelag og Indre Østland. 4 jenter frå Syril er tekne ut til denne turneringa. Det er Stine Gjerde, Siv Hickman, Andrea Henjesand og Kristi Vangsnes. Syril gratulerar jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke til.

Årsmøte for Syril Fotball

Tysdag 23. februar 2016 kl 20.00, møterom i fjerde etasje på Saften.

Dagsorden:

  1. Opning
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste
  3. Val av ordstyrar og sekretær
  4. Val av 2 medlemmar til å underskrive årsmøtereferat.
  5. Årsmelding frå fotballstyret og laga
  6. Rekneskap 2015
  7. Innkomne saker
  8. Val – inkl valnemd
  9. Budsjett 2016
  10. Avslutning

Styret i SYRIL Fotball ønskjer alle velkommen!

Vedlegg:

Opningstider i vinterferien

Kleppa skisenter, skitrekket, er ope i vinterferien:

  • Søndag 14.feb frå kl. 11:00 til 15:00
  • Mandag 15.feb frå kl. 12:00 til 16:00
  • Tysdag 16.feb. frå kl. 11:00 til 15:00
  • Onsdag 17.feb frå kl. 12:00 til 16:00
  • Torsdag 18.feb frå kl. 11:00 til 15:00
  • Fredag 19:feb frå kl. 11:00 til 15:00
  • Laurdag og søndag frå kl.11.00 til 15:00

Prisar:
Kleppakort (person/familie kr. 800,- / 2000,-)
Dagskort (person /familie kr. 100,- / 200,-)

Syrstrond Idrettslag