Ny kiosk/speakerbygg under bygging

Her nokre bilde frå dugnaden laurdag 09.april 2016 på nye kiosk/speakerbygget som vert sett opp ved sida av kunstgrasbana.

  1. Bilde av Nils Magne er «første spikar» frå nye spikarpistolen han kjøpte seg for pengane han fekk for Leikangerprisen 2015. Gratulera med skikkeleg utstyr.
  2. Øvrige bilder er frå bygget same dag.

Tusen takk til Lene for glimrande servering til dugnadsgjengen.

Trim 2016

Trimsesongen er snart i gong. Vi satsar på at klyppekorta er i sal etter Kjeringi Open.

Klyppekort kan då kjøpast hjå Leikanger Bokhandel AS og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort.

Nytt: Eigen trekning for barn fødd i 2001 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Byggmeister Langeteig & Volldal AS og Sogn Røyr AS er med på laget. I år er planen at Syril Trim vil bruke midlar på å merke opp ein del stiar.

Friidrettstrening

SanniEdFriidrettsgruppa startar med utetrening på bana for alle frå 10 år (5. klasse) og oppover.

Første trening blir onsdag 6. april, og vi held fram kvar onsdag 18.30 – ca. 20.00.

Er du nysgjerrig på å finne ut kva friidrett er og prøve deg på dei ulike øvingane innanfor løp, hopp og kast? Då er du velkomen hos oss!

Vi har utøvarar som hevder seg blant dei beste i fylket, og vi har eit godt miljø med vekt på allsidig trening.

Du finn meir om friidrettsgruppa og trenarane under friidrett i toppmenyen.

Kristian Knudsen Berg til Sogndal

Kristian

På bakgrunn av at det over ein kort periode har vore dialog mellom klubbane, var Kristian Knudsen Berg, pappa Kjetil Berg og sportsleg leiar Jan Tore Slinde i Sogndal tysdag 5. april og fekk presentert eit imponerande og unikt opplegg som Sogndal Fotball ønskjer å tilby Kristian.

Kristian vil no få tilrettelagt ein kvardag som er best for hans utvikling og han vil ha folk med mykje kompetanse rundt seg. Kristian vil ha sin base rundt Sogndal 2, samarbeidslaget Sogndal har med Fjøra og gutelaget.

Både Syril og Sogndal er fornøgd med samarbeidet dei har per i dag og klubbane blei i går einige om å utvide dette samarbeidet.

For Syril som klubb er dette fantastisk og vi er glad for at Sogndal Fotball ønskjer å hjelpe klubbane i distriktet.

Syril Fotball vil gratulere Kristian så mykje med overgangen og vi ønskjer han lykke til i Sogndal Fotball.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar Syril

Syrstrond Idrettslag