Nora Henjesand frå Syril er ein av 4 jenter frå Sogn og Fjordane som er tatt ut på
landelssamlinga i fotball for jenter født 2002 og 2003. Samlinga forgår i Sarpsborg 4. – 7. januar.
Gratulera så mykje til Nora, kjempebra!
Nora Henjesand frå Syril er ein av 4 jenter frå Sogn og Fjordane som er tatt ut på
landelssamlinga i fotball for jenter født 2002 og 2003. Samlinga forgår i Sarpsborg 4. – 7. januar.
Gratulera så mykje til Nora, kjempebra!
Syril skitrening, 4.-6. klasse på Kleppa, torsdagar kl. 18.30. Trenar Kristine L. Røyseth.
Syril skitrening, 12-19 år, torsdagar kl. 18.30 på Kleppa. Trenar Simen Bækken.
Felles skitrening for 12-19 år i Sogn, måndagar kl. 18.30, for stad sjå: https://www.facebook.com/search/top/?q=sognalangrenn. Trenar: Simen Bækken.
Minner om at du alltid kan halde auge med når løyper er køyrt på Skisporet: http://skisporet.no/sognogfjordane/kleppa.
Lenka finn du under Anlegg – Kleppa https://syril.no/anlegg/kleppa/
I kveld var det trekning for dei som har delteke og fullført Syril sitt turpostprogram og Trim 30. Premiane i år er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ei stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane som gjer at vinnarsjansen blir enda høgare.
![]() |
![]() |
Vinnarar av turpost 2017 og gåvekort à kr 1.000:
Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:
Vinnarar av Trim 30 (barn) og gåvekort à kr 500:
*) Gåvekort frå Små livsgleder
Premiar er på veg ut til dei heldige vinnarane!
PS! Bli med neste år du òg. Vinnarsjansen er laaaaangt høgare enn for tipping og Lotto.
For 4. – 6. klasse, variert trening med leik og konkurransar. Oppmøte på barneskulen kl. 18 måndagar (start 23. oktober). Refleksvest. Trenar: Kristine Linde Røyseth.
For 13 – 19 år, intervalltrening i Henjabakkande. Oppmøte ved Difi onsdagar kl. 18.30 (start 25. okt.). Refleksvest, hodelykt (dei som har). Trenar: Eivind Brendehaug.
For 12 – 19 år, fellestrening Sognalangrenn, sjå plan under for tid og stad (https://www.facebook.com/search/top/?q=sognalangrenn). Vi organiserer felles køyring frå/til Leikanger. Kontakt Eivind Brendehaug, 95 19 17 52.
| Tid | Plass | Innhald | Trenar |
| 23.10 kl 18:30 | Kaupanger, klubbhuset | Løpeøkt i lysløypa – Elghufs/intervallar | Simen + KIL |
| 30.10 kl 18:30 | Heggmyrane | Elghufs i alpinbakken eller i skiløypa | Simen |
| 6.11 kl 18:30 | Leikanger, ved DIFI | Elghufs med stavar | Simen |
| 13.11 kl 18:30 | Sogndal, Kvåle stadion | Elghufs med stavar | Simen |
| 20.11 kl 18:30 | Kaupanger, klubbhuset | Løpeøkt i lysløypa – intervallar | KIL |
| 27.11 kl 18:30 | Heggmyrane | Elghufs i skiløypa | Simen |
Syril Trim flytta om på eit par postar i høve 2016 og introduserte Hest (1360 moh). Lista for 2017 vart lagt noko høgare. Ikkje uventa, med to lange postar som Kjeringafjell (1314 moh) og Hest på programmet, sokk salet av korta med alle 20 postane. På den andre sida har salet av Trim 30-korta auka markant. Samla sett passerer vi fjorårets tal på selde trimkort.
Mange har teke turen ut i naturen i Leikanger og mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å levere nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta for sesongen 2018.
Alt vi får inn på sal av trimkort minus kostnaden til korta går til premiar. Både Erling Røysum AS og Små Livsgleder er i år med på «å strekkje pengane» lenger ved å delsponse gåvekorta. Med fleire premiar aukar sjansen for at du blir ein vinnar!
Bruk haustdagane i slutten av oktober og byrjinga av november til å fullføre kort, men hugs for all del å levere inn kort hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder. Vi hentar innleverte kort i midten av november.
Onsdag 18. oktober starter keepertreninga med Geir Stenehjem kl. 17.00.
All betaling som gjeld handball skal bruke dette nummeret.

For å hjelpe Syril å føre inntekter korrekt, venlegast skriv ei kort melding om kva innbetalinga. Eksempel på korte meldingar på Vipps-betalingar er:
Om du betalar treningsavgift med meir, skriv du i meldinga det du ville ha skrive på ei bankinnbetalinga.
6 gutar og 5 jenter var med på keepertreninga i dag. Geir Stenehjem og medhjelpar Emil hadde mange gode råde til våre unge keeprar når dei i dag hadde den første treningsøkta som vi har planlagt for våre keeprar. Det verka som alle tykte det var kjekt og lærerikt.
Neste onsdag kl. 18 er det ei ny treningsøkt.