Topp trimsesong

fivelholaSyril Trim flytta om på eit par postar i høve 2016 og introduserte Hest (1360 moh). Lista for 2017 vart lagt noko høgare. Ikkje uventa, med to lange postar som Kjeringafjell (1314 moh) og Hest på programmet, sokk salet av korta med alle 20 postane.  På den andre sida har salet av Trim 30-korta auka markant. Samla sett passerer vi fjorårets tal på selde trimkort.

Mange har teke turen ut i naturen i Leikanger og mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å levere nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta for sesongen 2018.

Alt vi får inn på sal av trimkort minus kostnaden til korta går til premiar. Både Erling Røysum AS og Små Livsgleder er i år med på «å strekkje pengane» lenger ved å delsponse gåvekorta. Med fleire premiar aukar sjansen for at du blir ein vinnar!

Bruk haustdagane i slutten av oktober og byrjinga av november til å fullføre kort, men hugs for all del å levere inn kort hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder. Vi hentar  innleverte kort i midten av november.

Erling RoysumSmå livsgleder