Treningsøkta er ei nettside/app med oversikt over ulike øvingar innanfor fotball. Her er det gode tips tilpassa treningar for alle årsgrupper. Les meir om Treningsøkta her
Esefjorden rundt, 1.mai
Syril har motteke invitasjon til Esefjorden rundt. Løpet eller turen er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen «Balahaugen» ca. 1 km frå sentrum. Meir informasjon finn de her.
Referat frå årsmøte i Syril 18.03.2019
Premieutdeling skikarusell
Ein kan ikkje gå på ski på Kleppa på laurdag, men det vert open kiosk frå kl 12:00 og premieutdeling kl 12:30!
Kampliste Syril stadion våren 2019
No er kamplista for våren 2019 lagt ut på nettsida. De finn den her: https://syril.no/ball/fotball/kamp/
Kamplista vert oppdatert fortløpande ved endringar.
Opprusting friidrett – info på årsmøtet!
Vil du vite meir om Syril sine planar, møt opp må årsmøtet i Saften, 4 etasje i morgon, den 18.03.2019. Asplan viak v/Per Sigve Selseng viser planane for opprusting av friidrettsstadion kl 19:00.
Andre saker som på agenda :
- Opning
- Godkjenning innkalling og sakliste
- Val ordstyrar og referent
- Val 2 medl. til underskriving protokoll
- Godkjenning årsmelding og rekneskap
- Fastsetjing medlemskontingent
- Framlegg til budsjett
- Val:
- Formann
- Nestformann
- Kasserar
- Styremedlem
- Formann og nestformann gruppene
- 2 revisorar
- 3 medl styringsgruppa Kjeringi Open
- 2 medl hyttestyre
Hjartestartar i ballrommet ved fotballbana
Hjartestartaren har vore på service og fungerar som den skal.
Den heng i ballrommet på barneskulen
Årsmøte flytta ei veke!
Vi greier ikkje å få alt klart til den 11. mars.
Årsmøtet blir flytta til den 18. mars 2019 kl 19:00
Skikarusell 2. mars avlyst
Skikarusellen vert avlyst på grunn av snømangel på Kleppa.
Årsmøte Syril fotball 26.02.19
Kl 19.30 i Saften 4.etasje
Dagsorden:
- Opning
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av ordstyrar og sekretær
- Val av 2 medlemmar til å underskrive årsmøtereferatet
- Årsmelding frå fotballgruppa
- Rekneskap
- Val
- Budsjett 2018
- Orientering frå styret om aktuelle saker i 2019
- Oppgradering friidrettsanlegg/3’ar baner
- Kvalitetsklubb – klubbhåndbok
Styret i Syril fotball ynskjer alle velkommen!
Vedlegg: Årsmelding 2018 fotballgruppa og Dagsorden for møtet