Kategoriarkiv: Syril

Ny mast er på plass – trekket opnar laurdag 10.2

Dei siste to vekene har Daco på Kaupanger, saman saman med fleire frivillige verkeleg stått på for å erstatte den øydelagde masta. I dag kom klarsignalet, og frå og med laurdag køyrer trekket som vanleg.

Det er meldt om nydelege forhold ved testkøyringa torsdagskveld og vi håpar mange vil ta turen opp i helga! 

Klepparennet 2024, 3.februar kl. 13

Syril inviterer til skicross på Kleppa. Skicross-rennet blir gjennomført på langrennski med element frå skicross, slik som kulekøyring og hopp. 

Følg linken her og meld dykk på:  https://isonen.no/event/clrhnquli002ojjio91n8k9bx/

Om nokon skal delta på andre krinsrenn i fylket framover, kan dei velja alternativet å sende faktura til klubb. Syril dekker kontingent for dei som deltek på terminfesta krinsrenn. 

Mvh Skigruppa 

Lerum ny hovudsponsor for Syril

Lerum har inngått hovudsponsoravtale med idrettslaget Syril for tre år, 2024-26.

– Vi er veldig glade for å få inn Lerum som sponsor, seier leiar i Syril, Elianne Eggum. Lerum blir no ein av fire hovudsponsorar, i tillegg til Sparebanken Sogn og Fjordane, Sognekraft og Erling Røysum.

– I tillegg til at Lerum støttar idrettslaget økonomisk, får me tilgang til å servere produkta deira på arrangementa våre.

– Vi tykkjer det er kjekt å få inn ein sponsor som har så sterk tilknyting til bygda. For eksempel foregår mesteparten av hallidretten i Syril på «Saften», den gamle Lerumfabrikken. 

– Vi har vore med å sponsa handballgruppa i Syril i mange år. I tillegg har vi bidrege litt til enkeltarrangement i regi av Syril. Vi synes alle eldsjelene i Syril jobbar godt og har eit godt tilbod til medlemmane. Vi har tilsette som bur på Leikanger, så det er viktig med gode tilbod til dei og alle andre som bur der.  Frå å sponse enkeltgrupper, ønskjer vi no ein overordna avtale med idrettslaget. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Syril, seier adm. direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Lerum får gjennom avtalen marknadsføre og profilere merkevara si gjennom Syril og på arrangementa til idrettslaget. Dette betyr m.a. at Lerumlogoen kjem til å dukke opp på Syrildrakter og anlegg framover.

Spørsmål kan rettast til leiar i Syril, Elianne Eggum, 906 30 307/ elianne.eggum@gmail.com

Opning av skitrekket på Kleppa – kjøp Kleppakort!

Laurdag 20. januar 2024 blir det offisiell gjenopning av trekket på Kleppa, men det blir jobba med å få alt på plass og vil opne så snart det er i orden. Målet er å kunne ha ope laurdagar og søndagar, i tillegg til kveldsope tysdag og torsdag.

Me er heilt avhengige av mange heisførarar for å kunne ha trekket mest mogleg ope, og laurdag 13. januar blir det kursing av nye heisførarar, meir informasjon kjem, men set gjerne av dagen allereie no om du kunne tenkje deg å vera frivillig, og meld deg som heisførar til Tobias Dahle (tobias.dahle@vavest.no). Vi kjem attende med info om varigheit av kurset.  Det blir i etterkant sett opp dugnadslister der ein kan byte innad.

Kleppakort
Som tidlegare år når trekket har vore ope, så vil vi selge Kleppakort som inkluderar løypeavgift, skileik, skikarusell og trekket. Dette kan kjøpast som familie eller enkeltperson, sjå prisar og informasjon her:

Prisar for aktivitetar på Kleppa skisenter.

Målet er òg å få testkøyrt trekket før den offisielle opninga! Dette vil det komme fortløpande informasjon om, så hugs å følgje med på syril sine sider på nett og på facebook. 

Dugnad og klargjering av Kleppa til vinteren

Det skjer mykje spennande på Kleppa for tiden, og onsdag 6. september var det møte i kleppahytta om planane framover. Vi har byrja å tenkje på klargjering av anlegget til vinteren, og til det krevs det dugnadsarbeid.

Det er sett av to dagar for fellesdugnad: laurdag 21. og 28. oktober,  frå kl. 10.00

Det er varierte oppgaver, og alle monnar drar, så delta så lenge du har anledning. Det blir lagt opp til ein felles pause midt på dagen med bål, niste og noko godt å bite i. 🙂

Dersom nokon ynskjer å bidra med rydding på Kleppa, men ikkje har anledning til å delta på oppsatte datoar, ta kontakt med Inga Henjum Halsnes (e-post: inga.halsnes@gmail.com).

Sjå referat frå møtet 6. september:

Jomar treng hjelp på Kleppa! Stiller du opp?

«Hei folkens! 

Eg har fått i oppdrag å finna hjelp til montering av gearkasse og rulle på skitrekket på Kleppa. Servicemannen treng handlangar, noko som vil spara Syril for ein del utgifter. Startar 4. september og eit par veker framover. Stort sett kveldstid, men kan også bli aktuelt på dagtid siste veka.

Håpar å få ein gjeng som rullerer, inkludert meg sjølv. Kven er med? Om du ikkje har anledning sjølv, kom gjerne med tips til folk som jobbar turnus og er heime på dagtid – eller be dei ta kontakt direkte. Tenk kor kjekt det blir når ungane dine får stå i heisen på Kleppa 😀!

Ta kontakt på mobil, tlf: 91842974

Helsing Jomar. «