Skikarusell


Kontaktpersonar

Jomar Leirdal (jomar.leirdal@gmail.com) tlf. 91842974
Dagfinn Ylvisåker(Dylvisaaker@hotmail.com) tlf. 90207470

Aktivitetar 2024

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 130 kroner og vert seld på Kleppa når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dersom du har startnummer frå tidlegare, så ta det med.

Laurdag 6. januar kl. 10-11.30
Laurdag 20. januar kl 10-11.30
Laurdag 3. februar kl 10-11.30
Laurdag 2. mars kl 10-11.30
Laurdag 16. mars kl. 10-11.30 –> Premieutdeling kl 11.30

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar heilt fram til premieutdeling.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det er ikkje nødvendig å registrere oppmøte kvar gong, og dei som ynskjer halda oversikt over poenga sine, må gjera dette sjølve.

Det vert premieutdeling laurdag 16. mars, kl. 11.30, der alle deltakarane får premie.

Oppdatert 02.01.2024

Syrstrond Idrettslag