Bli med på skifest 14. og 15. april!
Laurdag 14.april er det skirenn for både store og små , og gratis grillmat i målområdet på Stavsete. Søndag 15.april er det fokus på topptur med både lokale heltar og guidar frå Breogfjell.

Bli med på skifest 14. og 15. april!
Laurdag 14.april er det skirenn for både store og små , og gratis grillmat i målområdet på Stavsete. Søndag 15.april er det fokus på topptur med både lokale heltar og guidar frå Breogfjell.

«Alle med oppgåver i idretten som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold til mindreårige eller mennesker med utviklingshemming, skal syne fram politiattest.» I tillegg skal alle trenarar ha gjennomført trenarattest.
I 2021 vart det vedteke av idrettstinget at det er obligatorisk for alle trenarar å ta Trenarattesten. Trenaratttesten tek deg gjennom dei viktigaste oppgavene og forventningane til deg som trenar. I tillegg får du tilgang til ei ressurside som kan nyttast etter behov.
Trenarattesten er delt inn i tre nivå – ein for trenarar i barneidretten, ein for trenarar i ungdomsidretten og ein for trenarar i vaksenidretten. Du tek attest for det nivået du trenar. Husk å knytt attesten opp mot Syril. Det tek kun 10-20 min å gjennomføre Trenarattesten. Kanskje passar det å ta attesten no?
Gå til Trenarattest: https://www.idrettsforbundet.no/digital/trenerattest/
Gå til Politiattest:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/politiattest/
Les meir om politiattest i Syril:
https://syril.no/idrettslaget/politiattest/
Har du vist fram politiattest, og gjennomført Trenarattest, men det syner ikkje i MinIdrett? Ta kontakt med gruppeleiaren din, så ordnar vi det.
No har våren teke over og vi seier takk til vinteren som stenger trekket på vegen ut. Det er meldt mildvêr og regn i dagane framover, og vi avsluttar difor sesongen no før påske.
Takk til alle som har bidrege på dugnad, og takk til alle som har nytta seg av trekket! Vi håpar på ein kort vår/sommar/haust slik at vi raskt kjem i gang med skitrekket for sesongen 24/25! 😊
Kleppaheisen er open i morgon kl. 11.30-16.
Det minkar på snøen, men det er nok til å ta nokon grabs og ollies! Det er nokon snøfrie flekkar her og der, spesielt i dei brattaste partia, så det blir sett opp litt sperringar rundtom.
Dette er siste skikarusellen for i år med premieutdeling kl. 11.30. Alle tek med startnummeret og leverer det inn når dei får pokalen. Kiosken er som vanleg open, vel møtt!
Det blir gjensyn med Elin Ekorn og Kåre Bjørn på laurdag. Skikarusellen var så moro at dei kjem og vil delta på premieutdelinga.

Det er meldt mildvêr og mykje nedbør framover, og i kveld kan vera siste dagen trekket held opent for sesongen. Det er framleis mars, og vi veit av erfaring av snøen fort kan komme attende, men lit du på det?
Ta turen til Kleppa i kveld! ⛷️
Syril innfører elektronisk fakturering av medlemskontingent. I desse dagar går det ut faktura til medlemmane våre på e-post, som e-faktura og på Vipps. Det er systemleverandøren til Syril og Norges Idrettsforbund, Buypass, som står som avsendar av fakturaen på vegne av Syril.

Elektronisk fakturering bruker medlemsregisteret til Syril. Dersom de er fleire familiemedlemmar som betaler familiekontingent i lag, anbefaler vi at de sjekkar på Minidrett.no at dei rette familiemedlemmane ligg inne i medlemsregisteret med familierelasjon.
Sjå elles Medlemskontingentsida for meir informasjon om medlemskontigenten.
Treng du hjelp? Send e-post til post@syril.no, så hjelper vi deg 🙂
Syril har no oppretta eit inkluderingsfond for medlemmar i Syril. Målet med inkluderingsfondet er at alle born og unge som ynskjer å delta på aktivitetar i regi av Syril idrettslag skal få høve til det, uavhengig av private økonomiske tilhøve. Vi ynskjer at alle born og unge skal få eit likeverdig tilbod og unngå utanforskap grunna økonomiske utfordringar.
Vi ynskjer å gjera fondet godt kjent blant våre medlemmar, og alle særgrupper vil få informasjon om fondet som dei skal dele med sine lagleiarar og trenarar.
Gå til sida for inkluderingsfondet for å lese meir om fondet, tilhøyrande retningslinjer og om sjølve søknadsprosessen.
Me opplev dessverre stadig at svindlarar hentar e-postadresser på personar med verv i Syril frå nettsida vår. Ver obs om du mottek e-post frå personar med verv i Syril.
Årsmøtet i Syril blir på Leikanger fjordhotell kl. 19-20:30, torsdag 21. mars.
Saker til årsmøtet må vera mottekne seinast 7. mars og kan sendast til post@syril.no.
Vi ynskjer gjerne å vite kor mange som kjem, og det er difor fint om du fyller ut eit veldig kort skjema dersom du skal delta:
—>Klikk her for å melde deg på Syril årsmøte! <—
Vel møtt!