Kategoriarkiv: Fotball

Blå diplom

På kretstinget i november fekk Elin Falkgjerdet og Birte A. Røysum tildelt blå diplom. Blå diplom vert utdelt for lengre innsats på klubbnivå. Premien er ein innramma diplom frå NFF Sogn og Fjordane.

Begge takkar klubben for nomineringa, og kretsen for tildelinga, det kom overraskande på. Dei føler seg priviligerte som har fått teke del i arbeidet i Syril fotball, og Elin vil spesielt trekke fram det vere lagleiar opp igjennom som ei oppgåve ho syns har vore ekstra kjekk. Der har ho vore i samarbeid med andre både sportsleg og sosialt. Det skapar minner for livet.

Begge oppfordrar om å melde seg til verv i fotballen og verte ein del av fotballfamilien. Det er svært givande.

Informasjon frå fotballkretsen angåande nye restriksjonar.

I tråd med nasjonale retningslinjer vil det frå og med 15.desember bli innført koronarestriksjonar i høve fotballaktiviteten.

Les om retningslinjer som blir gjeldande her:

Dette betyr koronarestriksjonene for din fotballaktivitet – Norges Fotballforbund

Nye koronatiltak får konsekvenser for fotballen – Norges Fotballforbund

Landslagsskuletiltak (sonelag,kretslag) og planlagte kretsarrangement (futsal, KM Oldboys) i perioden 15.des-15.jan blir avlyst. Informasjon og status for andre tiltak (t.d.møter, kurs) blir gitt på eit seinare tidspunkt.

Vi er særs lei oss for at aktiviteten igjen bremsast opp som følge av smittesituasjonen. Samstundes har vi i koronaåra sett at fotballen evner å legge til rette for trygg aktivitet innan dei rammer som blir gitt. Dette skal vi klare også denne gongen!  

Syril fotball treng folk til styreverv!

Hei alle foreldre og engasjerte i Syril Fotball

Det skal no velgjast nye personar til ein del verv til Syril Fotball. Posisjonane som no er på val er

1. Sportsleg leiar

2. Arrangementsansvarleg

3. Kontaktperson for seniorlaget

4. Økonomiansvarleg

5. Kontaktperson aldersbestemt 

I tillegg er leiar og nestleiar på val, og miniputtansvarleg har bedt om å verte friteken frå vervet, så desse verva er og ledige.

Les meir om dei ulike verva.

Valnmenda har vore i kontakt med ei rekke navn, utan at ein har lukkast med å kunne innstille på posisjonane. Syril er avhengige av personar i desse rollene for å kunne oppretthalde det aktivitetsnivået me ynskjer både for aldersbestemte grupper og vaksne. Me vil derfor her «søke» etter personer som kan tenke seg å påta seg verv eller på anna måte bidra innafor dei posisjonane som er nemnt over. 

Interesserte vert bedne om å ta kontakt med Gro Linde mobil 975 39 699,  Rune Henjesand på mobil 957 81 492 eller Tony Borlaug på mobil 911 96 049

Status nye stadion

Sprayarbeidet har gått bra denne veka, men veret som kjem no ser ikkje ut til å spela på lag. Det er meldt regn tysdag – fredag. Det vert arbeid på mandag, men så vert det ein pause til veret betrar seg. Då opnar me bommen opp til skulen.

Det tyder òg at dugnadsarbeidet på torsdag førstkommande må utsetjast. Me kjem tilbake med ny dato for dugnad.

Arbeid på nye stadion og stengt for køyring

No er entreprenør i gang på bana.

Dei arbeidar frå kl.9 på morgon til utpå kvelden. Det er viktig at all levering av ungar er ferdig til kl.9. Då stenger entreprenør bommen. Det vert opphald i arbeidet ein halv time når skulen sluttar, så bussen kan snu og foreldre henta.
Vegen opp til skulen er avsperra med trebukk. Syril frarådar sterkt parkering på skuleområde, snuplass og bussholdeplass denne veka, då dette kan gje lakkskadar. Vegen er ikkje stengd, så om ein må, kan ein flytte bukken og køyre opp, då på eige ansvar. Me ber om at bukken setjast på plass att i slike tilfelle.

Det vil kun vere slik denne veka, so er me ferdige. Takk for hjelpa🏃‍♀️🏃‍♀️🏃‍♀️

Dugnad nye stadion

Det vert dugnad på nye stadion sundag 12. september og måndag 13. september, begge dagar kl. 17.

Oppgåva er å dekke til områder og gjenstandar – primært betong og inngjerding – som ikkje må bli spraya av raudmåling/toppdekke.

Jørn Gåsvær (472 38 189) er dugnadsleiar. Aktuelle verktøy er (tapet)kniv, gatekost, nokre klutar/tøystykke det ikkje er nøye med. Og for dei som har: Trillbår og stiftemaskin (til å feste plast mot tre).
– kan du bidra med ein stige eller stillas; gje melding om det..

Dei som kan stille på dugnad gjev beskjed til Jørn. Meld deg gjerne på på Syril friidrett sitt Facebook-arrangement.

Og følg med på Facebook for evt. oppdateringar på tidspunkt, då noko av arbeidet er veravhengig.

Dette er eit anlegg for alle og ikkje berre friidretten, så flott om alle grupper kan stille med litt folk 😉

Bana måndag 30. august

Dugnad nye stadion – ny tid


På grunn av dårleg ver mandag og tysdag, vert dugnaden utsett til onsdag eller torsdag komande veke. Oppdatering på tidspunkt kjem.

Ta med kniv (tapetkniv er best), gatekost, nokre klutar/tøystykke det ikkje er nøye med, og trillebår for dei som har.

Oppgåva er å dekke til områder og gjenstandar som ikkje må bli spraya av raudmåling. Dette skjer ved legge plastrull og å nytte teip. Aktuelle verktøy er kniv og hammar. 

Jørgen Eikenes er dugnadsleiar (Tlf: 91 37 28 22).