J 13/14 gjekk heilt til topps på Norway Cup 2023. Laget har vore suverene gjennom heile turneringa. Gratulera så mykje til jentene, trenarane og lagleiar😊





J 13/14 gjekk heilt til topps på Norway Cup 2023. Laget har vore suverene gjennom heile turneringa. Gratulera så mykje til jentene, trenarane og lagleiar😊





Onsdag 16.august kl. 18-20 får me besøk av blant anna Erling Ola Fykse og Nils Tore Krosshaug frå Sogndal Fotball. Det vert først ei kort teoriøkt, deretter ei praktisk økt, med spelarar frå Syril, som vert avslutta med ein prat ute på feltet. Tema for trenarforument vil blant anna vere differensiering.
Trenarforumet er for alle trenarane i Syril fotball, og me håpar mange har anledning til å delta. Klikk her for påmelding.
Syril fotball arrangerar, som tidlegare år, Tine fotballskule siste veka før skulestart. Nytt i år er tilbod for dei som er 7 år, med eige opplegg. Følg lenka for meir informasjon. Håpar mange vert med å kjekke fotballdagar siste veka av sommarferien.

I dag er det fotballtrøyefredag.
Kampanjen er ein årleg markering av Barnekreftforeningen sitt arbeid i kampen mot barnekreft. Dette kan du lese meir om her: #fotballtrøyefredag
Syril nytta anledninga til å markere dette under kampen mellom Syril og Vik G13/14 torsdag kveld. Syril fotball donerer inntektene frå kiosksalet til Barnekreftforeningen sin kampanje.
Syril oppmodar alle i klubben om å støtte fotballtrøyefredag!
Vipps til 705404


Syril fotball vil prøve å arrangere eit ekstra fotballtilbod nokre helgar gjennom sesongen om det er interesse for det.
Første helg vert 12.-13.mai. Tilbodet er retta mot jenter og gutar i alderen 11-15 år (f. 2012-2008).
For meir informasjon, klikk her.

ÅRSMØTE TORSDAG 2. MARS
kl.19.00 i møterom 4.etasje Saften
Sakliste:
Velkomen!
Til helga er det KM futsal kvalifisering i Leikangerhallen. Både laurdag og sundag er det kampar frå 10.30-17.00. Her finn de fullstendig kampoppsett. Møt opp for ei helg fylt med spennande fotball innandørs. Kiosken er og open, med mykje utval!

Sundag 15.januar er det futsalturnering for 10-14 år i Leikangerhallen. Det er kampar heile dagen frå kl.10 til kl.17. Møt opp for ein dag fylt med spennande fotball innandørs. Kiosken er og open. Ta sundagskaffien i Leikangerhallen!