Etter å ha vunne 3-0 borte mot Stryn i går er jentene vidare til 1. runde i NM Telenor Cup J16. Måla i går vart skora av Siv Hickman (2) og Gunvor Nornes.
Kategoriarkiv: Fotball
Kristian Knudsen Berg til Sogndal

På bakgrunn av at det over ein kort periode har vore dialog mellom klubbane, var Kristian Knudsen Berg, pappa Kjetil Berg og sportsleg leiar Jan Tore Slinde i Sogndal tysdag 5. april og fekk presentert eit imponerande og unikt opplegg som Sogndal Fotball ønskjer å tilby Kristian.
Kristian vil no få tilrettelagt ein kvardag som er best for hans utvikling og han vil ha folk med mykje kompetanse rundt seg. Kristian vil ha sin base rundt Sogndal 2, samarbeidslaget Sogndal har med Fjøra og gutelaget.
Både Syril og Sogndal er fornøgd med samarbeidet dei har per i dag og klubbane blei i går einige om å utvide dette samarbeidet.
For Syril som klubb er dette fantastisk og vi er glad for at Sogndal Fotball ønskjer å hjelpe klubbane i distriktet.
Syril Fotball vil gratulere Kristian så mykje med overgangen og vi ønskjer han lykke til i Sogndal Fotball.
Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar Syril
Grasbana stengd for all trening
Grasbana er stengd for all trening og anna aktivitet. Ny vurdering av bana er sett til 17.april. Ny beskjed vert då sendt ut til lagleiarar og lagd ut her. Håpar alle kan respektere dette.
Sone Sogn jenter 2003
Torsdag 31.mars kl. 18-19.30 skal sone Sogn jenter 2003 ha trening på kunstgrasbana.
Frå vår klubb er følgjande med: Silje Nesdal, Runa Vangsnes, Snit Ogbai, Kine Stokkenes, Synnøve Fosshagen og Nora Henjesand.
Kristian Knudsen Berg utteken til NTF eliteturnering G16
Kristian Knudsen Berg er utteken til NTF eliteturnering G16 i Molde med TEAM Sogndal. Turneringa er 8.-10.april, og dei skal møte Mjøndalen, Rosenborg, Ålesund og Strømsgodset. Gratulerar med uttaket, og lukke til i Molde.
Klargjering om treningsavgift miniputt
Teksten om treningsavgift under miniputt var feil. Treningsavgift for miniputt er som følgjer:
- Miniputt: kr 500
- Miniputt som spelar serie: kr 600
Ein skal ikkje betale begge treningsavgiftene om ein spelar serie, kun 600 kr.
Om nokon har betalt begge, ta kontakt med Birte på birte-a@hotmail.com slik at de får tilbakebetalt det som er betalt for mykje.
Sone Sogn gutar f. 2003
Onsdag 30 mars skal Sone Sogn gutar f. 2003 ha trening på kunstgraset kl 17:00 – 18:30. (Halve bana)
Fra vår klubb stiller Gøran Njøs og Espen Hickman.
Oppfordrar trenarar/leiarar i klubben til og møte opp.
Flott muligheit til og følga våre eigne spelarar og treffa kollegaer.
Telenor Cup NM J16
Onsdag 30.mars kl. 19.00 møter Syril sine jenter Sogndal på Syril kunstgras. Dette er ein av to kampar jentene skal spele for å kvalifisere seg til 1.runde Telenor Cup NM. Den andre kampen er borte mot Stryn. Dato er ikkje heilt klar enno.
Møt opp på kampen mot Sogndal førstkommande onsdag og hei jentene fram til siger.
NM J16 Telenor Cup 2016
Syril vann laurdag 18.3.16 5-2 heime mot Jotun i kvalifiseringa til NM J16 Telenor Cup 2016.
Syril møter Sogndal og Stryn som var vinnarane i dei to andre kvalifiseringskampane. Det vert spelt enkel serie, og vinnaren samanlagt blir SFFK sin representant i 1.runde i NM J16 Telenor Cup 2016.
NM Telenor Cup J16
I morgon, laurdag 19.mars spelar Syril innleiiande kamp mot Jotun på Syril kunstgras kl.13.00. Møt opp og hei fram jentene.
Kjempebra jobba av dugnadsgjengen som har fått bana fri for snø til kampen!