Kategoriarkiv: Fotball

Bli med på Grasrottrenarkurs del 1 “Barnefotball”

Syril fotball planlegg å få gjennomført Grasrottrenaren delkurs 1 for våre trenarar vis det er tilstrekkeleg med deltakarar, kurset vert onsdag 25. april og onsdag 2. mai kl 17.30.

Kurset er eit lågterskelkurs for breiddetrenarar – alle kan og bør ta kurset. Vi vil oppfordra alle våre trenarar som ikkje har dette til å delta. Det vil gi auka kompetanse, motivasjon og tryggleik i treningsarbeidet. Samtidig skal dette vere ein sosial arena der ein kan lære av kvarandre og utvikle samhald i klubben.

Nytt av året er at teoridelen i Grasrottrenarkurset no er e-kurs som deltakarane gjennomfører i forkant av kvar samling. Kurset vert gjennomført over to kveldar og består av ei kort oppsummering av teoridelen på 1 time og ein praktisk del på ca. 2 1/2 time. Kretsen stiller med høgt utdanna trenarar som står for gjennomføringa av kurset.

Gje tilbakemelding om de ønskjer å delta på kurset til Steinar Røysum, tlf 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no  snarast mulig og seinast innan 18. april. Når kurset nærmar seg, vil de få tilsendt informasjon om påmelding via nett og e-kursa.

Meld  dykk på dette vert nokre kjekke og nyttige kvelder på banao!

Les om trenarutdanninga NFF Grasrottrenaren. Obs! her står det feil på antall timar, kurset er på ca 8 timar.

Trenarforum med Marius Lenni Bøe

Onsdag 18. april vil Syril fotball arrangere trenarforum, med trenarutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrets Marius Lenni Bøe.

Marius har lang erfaring som trenar, seinast som ein del av trenarteamet til Sogndal i Eliteserien. Det vert ein dialog/teoridel på 45 min, deretter 60 min treningsøkt på bana med småguttelaget.

Syril fotball oppfordra alle våre trenar til å stille, her vil det vera mange gode tips og impulsar å henta for alle.

Oppstart kl 18.00 på Barneskulen.

Treningsavgift fotball 2018

På årsmøte for Syril fotball vart det vedteke at treningsavgiftene blir uendra frå 2017.

Klasse Beløp
Senior herrar 3.000
Senior damer 1.650
Aldersbestemt 1.650
Aldersbestemt 9-10 år 600
Miniputtfotball 500

Kontonummer: 3781 14 13101 eller Vipps 111103
Merk innbetalinga med: Treningsavgift <år> og spelarnamn
Spelarar som ikkje har betalt får ikkje spela!

NB! Alle må betale medlemsavgift i tillegg.

Rekrutteringsdommarkurs

Rekrutteringsdommarkurs i Sogndal på Fosshaugane Campus fredag 16. og laurdag 17. februar 2018. NFF Sogn og Fjordane arrangerer rekrutteringsdommarkurs for klubbane. Alle som ønskjer kan delta, der lågaste aldersgrense er for dei som er fødd i 2004.

Påmeldingsfristen er: tysdag 13. februar. Send e-post til Marianne Husabø med namn, klubb og e-postadresse.

Det er ingen øvre aldersgrense for å delta på rekrutteringsdommarkurset. Vi ønskjer alle frå 14 år og oppover velkomne!

Kurset er gratis!

Klubbane i NFF Sogn og Fjordane treng fleire dommarar!

Årsmøte fotball 14. februar

Årsmøte i fotballgruppa onsdag 14. februar kl. 19.00 i Saften (4.etasje)

Dagsorden

  1. Opning
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Val av ordstyrar og sekretær
  4. Val av 2 medlemmar til å underskrive årsmøtereferatet
  5. Årsmelding frå fotballgruppa
  6. Rekneskap
  7. Innkomne saker
  8. Val
  9. Budsjett 2018
  10. Orientering frå styret om aktuelle saker i 2018
    • Kva kan vere aktuelle tiltak/investeringar ved Stadionområdet ?
    • Kvalitetsklubb