Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Vel gjennomført krinsstemne på Syril stadion

Krinsstemnet laurdag 26. august på Syril stadion samla 102 deltakarar.
 
Vi hadde følgande øvingar:
 
60 m (10-14 år)
100 m (15 år og eldre)
400 m (13 og eldre)
600 m (10-12 år)
1500 m (13 år og eldre)
3000 m (15 år og eldre)

Lengde (10 år og eldre)
Høgde (10 år og eldre)

Liten ball (10-12 år)
Kule (13 år og eldre)
Spyd (13 år og eldre)

6-9 år:
60 meter, liten ball og lengde
 
Alle resultat ser du i Open Track:
https://norway.opentrack.run/nb/x/2023/NOR/syril23/competitor/

Dugnad og klargjering av Kleppa til vinteren

Det skjer mykje spennande på Kleppa for tiden, og onsdag 6. september var det møte i kleppahytta om planane framover. Vi har byrja å tenkje på klargjering av anlegget til vinteren, og til det krevs det dugnadsarbeid.

Det er sett av to dagar for fellesdugnad: laurdag 21. og 28. oktober,  frå kl. 10.00

Det er varierte oppgaver, og alle monnar drar, så delta så lenge du har anledning. Det blir lagt opp til ein felles pause midt på dagen med bål, niste og noko godt å bite i. 🙂

Dersom nokon ynskjer å bidra med rydding på Kleppa, men ikkje har anledning til å delta på oppsatte datoar, ta kontakt med Inga Henjum Halsnes (e-post: inga.halsnes@gmail.com).

Sjå referat frå møtet 6. september:

Kva skjer på Kleppa?

Skigruppa og prosjektleiarane for skitrekket på Kleppa inviterer til ope orienteringsmøte 6. september kl. 19.30 på Kleppahytta.

  • Orientering om ståa og framdrift for skitrekket
  • Legge plan for dugnadsarbeidet som må til for å gjere klart til vintersesongen 2023/2024, langrennstrasè og nedfart ved trekket
  • Mogelegheit for å komme med innspel. Kva ønskjer me for Kleppa, kva skal me satse på, kva tilbod ønskjer me og kva skal til for å få det til?

Me håpar fleire tek turen. Skal Kleppa utviklast vidare og leggje til rette for skiglede for barn og unge, treng me engasjement frå deg!

Vel møtt! 🙂

Helsing Tobias, Runar og Inga

Friidrett arrangerer krinsstemne på Syril stadion 26. august! – No oppdatert med påmeldingslenkje!

Velkommen til krinsstemne på Syril stadion laurdag 26. august kl. 11.00.

Øvingar:

60 m (10-14 år)
100 m (15 år og eldre)
400 m (13 år og eldre) (NY!)
600 m (10-12 år)
1500 m (13 år og eldre)
3000 m (15 år og eldre)

Lengde (10 år og eldre)
Høgde (10 år og eldre)

Liten ball (10-12 år)
Kule (13 år og eldre)
Spyd (13 år og eldre)

6-9 år:
60 meter, liten ball og lengde

Påmelding på iSonen innan torsdag 23. august kl. 23.59.

Klikk her for å melde deg på!

Velkommen! 🙂

Trenarforum fotball

Onsdag 16.august kl. 18-20 får me besøk av blant anna Erling Ola Fykse og Nils Tore Krosshaug frå Sogndal Fotball. Det vert først ei kort teoriøkt, deretter ei praktisk økt, med spelarar frå Syril, som vert avslutta med ein prat ute på feltet. Tema for trenarforument vil blant anna vere differensiering.

Trenarforumet er for alle trenarane i Syril fotball, og me håpar mange har anledning til å delta. Klikk her for påmelding.

Montering av gjerde på friidrettsstadion

Arbeidet med montering av gjerde rundt friidrettsstadion startar neste veke, truleg tysdag 27. eller onsdag 28. juni, og vil halde på i ca. to veker.

Det er firmaet Montal som leverer og monterer gjerdet. Vi har laga ein sikkerhets-, helse- og arbeidsmiljøplan, og har konkludert med at arbeidet ikkje skal påverke aktiviteten på bana.

Med andre ord blir ikkje bana avstengd, og trening, leik og spel kan foregå som vanleg.

Vi gler oss til å få gjerda inn friidrettsstadion! 🙂

Trimkorta 2023 er i sal!

De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som før:

  • kr. 50,- for trim-30-kort og
  • kr. 100,- for trimkort turpostar.

De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps.

Eva har trimkort heime hjå seg som det er mogeleg å få kjøpt. Ta gjerne kontakt på førehand: Eva: tlf. 90559818, Hagavegen 3.

Dersom de kjem til «våte» bøker eller «utskrivne» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Helsing oss i trimgruppa:
Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Eva Hamre