Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Lerum ny hovudsponsor for Syril

Lerum har inngått hovudsponsoravtale med idrettslaget Syril for tre år, 2024-26.

– Vi er veldig glade for å få inn Lerum som sponsor, seier leiar i Syril, Elianne Eggum. Lerum blir no ein av fire hovudsponsorar, i tillegg til Sparebanken Sogn og Fjordane, Sognekraft og Erling Røysum.

– I tillegg til at Lerum støttar idrettslaget økonomisk, får me tilgang til å servere produkta deira på arrangementa våre.

– Vi tykkjer det er kjekt å få inn ein sponsor som har så sterk tilknyting til bygda. For eksempel foregår mesteparten av hallidretten i Syril på «Saften», den gamle Lerumfabrikken. 

– Vi har vore med å sponsa handballgruppa i Syril i mange år. I tillegg har vi bidrege litt til enkeltarrangement i regi av Syril. Vi synes alle eldsjelene i Syril jobbar godt og har eit godt tilbod til medlemmane. Vi har tilsette som bur på Leikanger, så det er viktig med gode tilbod til dei og alle andre som bur der.  Frå å sponse enkeltgrupper, ønskjer vi no ein overordna avtale med idrettslaget. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Syril, seier adm. direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Lerum får gjennom avtalen marknadsføre og profilere merkevara si gjennom Syril og på arrangementa til idrettslaget. Dette betyr m.a. at Lerumlogoen kjem til å dukke opp på Syrildrakter og anlegg framover.

Spørsmål kan rettast til leiar i Syril, Elianne Eggum, 906 30 307/ elianne.eggum@gmail.com

Offisiell opning av skitrekket!

Kom og bli med på den offisielle gjenopninga av Kleppatrekket laurdag 20. januar kl 11:30.

Det blir ein kort og kjekke markering der ordførar Stig Ove Ølmheim kjem for å starte trekket og ønskje oss lykke til. Prosjektleiar og påtroppande driftsleiarar Tobias Dahle og Runar Oen vil òg sei nokre ord. Og kven veit, kanskje treff de Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Sparebanken Sogn og Fjordane i bakken!

TIl orientering:

  • Det kan bli fullt på parkering på Kleppa, gjer vel å parker smart slik at vi får plass til alle.
  • Kleppakort og heiskort blir til sals i trekkbua. Der sel vi òg plastlommer, men vi veit at det er mange som framleis har nokre gamle plastlommer liggande, så ta dei gjerne med ,så slepp de å kjøpe nye.
  • Prisar, opningstider m.m. finn du på Syril sine sider https://syril.no/anlegg/kleppa/

Opning av skitrekket på Kleppa – kjøp Kleppakort!

Laurdag 20. januar 2024 blir det offisiell gjenopning av trekket på Kleppa, men det blir jobba med å få alt på plass og vil opne så snart det er i orden. Målet er å kunne ha ope laurdagar og søndagar, i tillegg til kveldsope tysdag og torsdag.

Me er heilt avhengige av mange heisførarar for å kunne ha trekket mest mogleg ope, og laurdag 13. januar blir det kursing av nye heisførarar, meir informasjon kjem, men set gjerne av dagen allereie no om du kunne tenkje deg å vera frivillig, og meld deg som heisførar til Tobias Dahle (tobias.dahle@vavest.no). Vi kjem attende med info om varigheit av kurset.  Det blir i etterkant sett opp dugnadslister der ein kan byte innad.

Kleppakort
Som tidlegare år når trekket har vore ope, så vil vi selge Kleppakort som inkluderar løypeavgift, skileik, skikarusell og trekket. Dette kan kjøpast som familie eller enkeltperson, sjå prisar og informasjon her:

Prisar for aktivitetar på Kleppa skisenter.

Målet er òg å få testkøyrt trekket før den offisielle opninga! Dette vil det komme fortløpande informasjon om, så hugs å følgje med på syril sine sider på nett og på facebook. 

Vinnarar Syril Trim 2023

Årets Syril trim er ved vegs ende, og vi har trekt vinnarane av gåvekort!

Det er mange som har fullført både turpostkort og/eller Trim30-kortet, stor applaus til både barn og vaksne! Vi håpar de har hatt mange fine turar sjølv om veret har vært både og i sommar. Og alle er velkomne på trimpostane våre, med og utan trimkort.

Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Dei gjer det og enkelt for oss i samband med sal og innlevering av trimkort.

Vi vil og takke dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr og Byggmeister Langeteig & Volldal, som støttar aktiviteten vår.

Takk også til alle gode hjelparar med smått og stort i løpet av sesongen (legge ut nye bøker, rydde stiar, klopper, fikse trimkasser, videoar m.m.). Vi set stor pris på all hjelp vi får!

Vinnarar av turposttrimmen 20 og gåvekort à kr 1.000:

  1. Frida Fykse Lomås
  2. Teodor Gjerde Wilson
  3. Cecilie D. Sørensen
  4. Perny Kristine Dimmen
  5. Ola Nornes
  6. Kenneth Lomås
  7. Steinar Henjum
  8. Per Høgheim
  9. Kjell Remø

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  1. Nine Stadheim
  2. Lars Flatabø Kleiven
  3. Jonathan Dreyer Jordal
  4. Nora V. Henjum
  5. Helga Maj Myren
  6. Siv Merete Stadheim
  7. Kari Kitty Stadheim
  8. Linda Grebstad Grinde
  9. Sigrun Orrestad
  10. Hege Nilsen Nornes
  11. Sigbjørn Råsberg
  12. Sigve Takle
  13. Borgtor Bøyum
  14. Signe Lekven Volldal
  15. Magna Vangsnes
  16. Eva Nesse
  17. Espen Sæterbø
  18. Ingrid Rishovd
  19. Dorthea R. Alisøy

Vi gratulerer alle med god innsats, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år og. Gåvekorta får de i løpet av dei komande dagane!