Syril sitt G 15/17 lag i fotball treng trenar.

Syril sitt G 15/17 lag i fotball treng trenar.

Syril innfører elektronisk fakturering av medlemskontingent. I desse dagar går det ut faktura til medlemmane våre på e-post, som e-faktura og på Vipps. Det er systemleverandøren til Syril og Norges Idrettsforbund, Buypass, som står som avsendar av fakturaen på vegne av Syril.

Elektronisk fakturering bruker medlemsregisteret til Syril. Dersom de er fleire familiemedlemmar som betaler familiekontingent i lag, anbefaler vi at de sjekkar på Minidrett.no at dei rette familiemedlemmane ligg inne i medlemsregisteret med familierelasjon.
Sjå elles Medlemskontingentsida for meir informasjon om medlemskontigenten.
Treng du hjelp? Send e-post til post@syril.no, så hjelper vi deg 🙂
Stad: Møterom i 4.etasje Saften
Tid. Torsdag 7.mars kl.19
1. Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat
2. Godkjenning av innkalling og saksliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Treningsavgift 2024
6. Budsjett 2024
7. Val
Me opplev dessverre stadig at svindlarar hentar e-postadresser på personar med verv i Syril frå nettsida vår. Ver obs om du mottek e-post frå personar med verv i Syril.
I veke 8, vinterferieveka, har vi følgjande opningstider:
Tysdag: Kl. 11:30-15:30
Torsdag: Kl. 11:30-15:30
Fredag: Kl. 11:30-15:30
Laurdag: Kl. 11:30-15:30 (vanleg opningstid)
Søndag: Kl 11:30-15:30 (vanleg opningstid)
Det blir ikkje kveldskøyring denne veka.
Sjå ellers sida for Kleppa skisenter for for meir informasjon
Håpar mange tek turen opp på Kleppa i vinterferien, det er gode forhold i både bakken og i langrennsløypene! 🙂
Det blir altså nytt heiskøyrarkurs onsdag 28. februar kl 18. Oppmøtestad – Skitrekkhytta
Tryggleik i drifta av anlegget på Kleppa er særdeles viktig. Kontroll på og gjennomføring av alle oppstartsrutinar noko av det viktigaste for å sikre trygg drift for på anlegget.
Vi ønskjer(krev) at som skal fungere som heiskøyrarar på trekket har gjennomgått heiskøyrarkurs. Kurset 28 februar blir truleg det siste for sesongen 2023/2024.
Dei siste to vekene har Daco på Kaupanger, saman saman med fleire frivillige verkeleg stått på for å erstatte den øydelagde masta. I dag kom klarsignalet, og frå og med laurdag køyrer trekket som vanleg.
Det er meldt om nydelege forhold ved testkøyringa torsdagskveld og vi håpar mange vil ta turen opp i helga!
Det er fare for ein god del nedbør og vind på laurdag, så me avlyser skikarusellen denne gongen. Det kan bli utriveleg for dei minste om det skulle slå over til regn.
Neste skikarusell er ikkje før 2. mars på grunn av vinterferien og ein handballturnering, men det blir truleg sett opp ein ekstra kveldskarusell i løpet av februar.
Elles er boka på Øvstestølen eit fint turmål i mellomtida.
Etter samtalar med Taubanetilsynet og synfaring av anlegget av mekanisk firma Daco frå Kaupanger er følgjande bestemt:
Det blir ikkje drift på anlegget i helga og framover.
Håper vi er klar om 2 – 3 veker!
