Alle innlegg av Arild Bjørk

http://bjrk.no/

Milepæl nådd i trimsesongen 2016

Trimsesongen 2016 har vore ein god sesong. Mange har teke turen ut i naturen i Leikanger og mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele dine turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust!

Interessa har gjort seg synleg i sal av trimkort. I 2016 passerte vi 200 selde klippekort. Fordelinga er klart i favør av dei tradisjonelle 20 turpostane, som utgjer 2/3 av salet. Det fine er at Trim 30-kortet tek seg opp. Dette er eit alternativ til å ta alle postane, sidan ikkje alle av postane er like lett tilgjengelege. Trim 30 kan kombinerast med det tradisjonelle kortet med 20 klipp frå alle postane supplert med 10 ekstra turar.

Så godt som alt vi får inn på sal av trimkort – kostnader til korta går til premiar. I år vil vi ha fleire premiar enn nokon gong. Erling Røysum AS er med på «å strekkje pengane» noko lenger. Det betyr at sjansen for at du blir ein vinnar blir større!

Hugs å levere trimkorta hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder så snart som råd!

Sniktitt på 2017

Vi har ei lita gladmelding til dei som etterlyste trimkort med bilde på. Her er smakebit på neste års trimkort:


Som de ser er våre trufaste sponsarar av utstyr og rekvisita:

med oss i 2017 òg. Vi takkar for deira langvarige støtte!

KM-sluttspel Jenter 15/16 11ar

Etter endt seriespel er det klart for KM-sluttspel for J 15/16 11 ar. Laga på dei fire første plassane spelar om KM-tittelen. Følgande klubbar deltek, rangert etter plass på tabellen:

  1. Syril
  2. Sogndal IL
  3. Stryn TIL
  4. IL Jotun

Måndag 3. oktober, kl. 19.00
Kamp 1: Syril – Jotun
Dommar: Oda Bjelde, Sogndal IL.

Torsdag 6. oktober, kl. 19.00
Kamp 2: Sogndal – Stryn
Dommar: Elise Selland, Hafslo IL

Måndag 17. oktober, kl. 19.00
Kamp 3: Vinnar kamp 2 – vinnar kamp 1

Laurdag 22. oktober, kl. 15.00.
Kamp 4: Vinnar kamp 1 – vinnar kamp 2.

Trimprogram 2017

Det er nokre år sidan det var endringar i trimprogrammet. I 2017 vil vi gjere endringar som medfører at vi flyttar på tenger som inngår i klippekortet.

  • Hangsete går ut til fordel for Våkeldahaug slik at ein får to utsiktspunkt som tek pusten av deg i Njøs-området.
  • På grunn av anleggsarbeidet i Huksdalen fram til og med 2018, vel vi å ta ein pause frå Stavsete og Nyastøl. Hest og Smørklett kjem inn att på trimprogrammet. Vi unngår då å redusere tilbodet for dei som har tilhold i området Grinde til Eggja.

I Huksdalen må tengene hentast inn i haust. Sidan ein tek vekk gangunderlaget på brua til Nyastølen i oktober, ber vi om at alle som har att postane Nyastøl og Stavsete snarast får dei unna. Tengene vil bli samla inn seinast 1. oktober.

img_20160904_112941

Innlevering av trimkort

Tursesongen går mot hell, men det framleis god tid att til å få gjort unna dei siste klippa. Erling Røysum Sport AS eller bokhandelen/Små Livsgleder er klar til å ta imot kortet ditt. Syril Trim hentar dei innleverte kort 1. november og det blir trekning i løpet av november.

Du har att 2 månadar til å få på plass dei siste klippa.

 

Sevi – Kjeringafjell

sevi-kjeringafjell

Frå sælet på Sevi er det merka sti til Kjeringafjell med stikker og raude merker på steinar.

Frå sælet fører merka deg til den gamle foringsplassen. Starten på stien, eller rettare sagt dyretrakket som skråar opp lia, er merka med ei stikke like forbi plassen. Stien er grei å følgje, men litt oppi deler han seg. Her har eg plassert ei stikke på det brattaste alternativet som tek deg opp til øvre Nuvedal. Om stikka i løpet av åra skulle verte vekke, er tipset alltid å følje skilje som går opp.

Når du er komen opp i øvre Nuvedalen, har eg sett ei stikke som markerer rett sti/alternativ å gå ned att. Det er fleire dyretrakk her som ein kan ta feil av når ein er på veg ned til Sevi.

Eg kryssar Nuvedalen i botnen og går opp lia slik at eg endar opp ved a i Blankavatni. Sjå etter raude merker og stikker. Oppe på platået til Blankavatni er det merka med raudt til austlege ryggen av Kjeringafjell. Oppover ryggen finn du for det meste raude merke på steinar. Dyretrakka mellom er ellers til god hjelp. Om du ikkje treff merka heilt så er retningen uansett opp!

Trimpostkassen er festa på vestveggen av radiobua.

Kjeringafjell