Norway Cup 2016

Så var nok ei Norway Cup-veke over og Syril kan sjå tilbake på flotte opplevingar både på og utanfor fotball-løkka. Alle laga har hatt base på Haraldsheimen, Syril sin faste innkvarteringsstad.

haraldsheimen

Her har vaksne delt dagens opplevingar over kjøkengryter og kaffikoppar, medan ungdommane har samlast om bordtennis, kortspel og fotball-leik. Tusenfryd, go cart, laserskyting og shopping er det også blitt tid til. Men først av alt er sjølvsagt veka full av fotball!

Alle laga var i aksjon til onsdag kveld, då måtte småjentelaget gje tapt i 16-dels finalen, A-sluttspelet mot Skodje IL som seinare kom til finalen og vann sølv.

NC Syril J13-14.jpg

Smågutane fekk med seg enno ein kamp, men torsdag morgon rauk dei ut mot laget som seinare blei vinnaren av B-sluttspelet, Løvenstad 2.

NC Syril G14

Jenter 15/16 stilte lag i 11-ar serien i år og spelte seg til ein flott kvartfinaleplass. Her stogga cupeventyret for denne gongen, mot vinnaren av finalen, Langfjorden FK!

NC J15-16

Den store overraskinga stod juniorjentene for, eit lag som var sett saman for cupen spesielt. Med god hjelp av SIL-spelarane Vibeke Solheim og Trude Kveane spelte laget seg til puljevinner i klasse 17/19 år, og gjekk direkte til kvartfinale. Der slo dei ut kanadiske Yukon Selects, men gjekk i semifinalen på tap i straffesparkkonkurranse mot sølvvinnar Trygg/Lade

NC Syril J17-19

Likevel: Ei flott oppleving, som vi håpar ga meirsmak til meir fotball framover 😊

Takk for i år, Norway Cup!