I morgon er skiheisen open frå 12-15! Og søndag held vi opent frå 11-15. Ta med ski og godt humør – vi snakkast på Kleppa!
Ps! Dei som møter på kurs i morgon, må også ta med ski.
I morgon er skiheisen open frå 12-15! Og søndag held vi opent frå 11-15. Ta med ski og godt humør – vi snakkast på Kleppa!
Ps! Dei som møter på kurs i morgon, må også ta med ski.
Førstkommande laurdag, 13. januar, kl. 09.00 – 11.00, blir det opplæring for dei som vil bidra med å vere heisvakt og køyre trekket i vinter. Det er fleire som har gitt beskjed om at dei vil vere med – men spre framleis ordet, så håpar vi at mange møte opp på laurdag. Opplæringa må alle som skal køyre trekket ha, uavhengig om du kan bidra mykje eller i ny og ne.
Når opplæringa er ferdig, køyrer vi trekket frå 12.00 og utøve. Satsar óg på å køyre trekket heile søndagen. Denna helga blir det gratis (med mogelegheit for å kjøpe Kleppakort og få det fysisk).
Frå og med den offisielle opninga 20. januar må ein ha plastlomme med bevis i (detta blir til salgs i trekkbua).

Første skileik blir torsdag 4. januar, kl. 17.30 – 18.30. Fint om føresette til ferske skileikarar vert med.
Tidspunktet passar desverre ikkje so godt for 4. klasse. Difor kan det hende me finn ein anna dag for 4. klasse og oppover, om interessen er der. Isofall treng me fleire trenarar.
Laurdag 20. januar 2024 blir det offisiell gjenopning av trekket på Kleppa, men det blir jobba med å få alt på plass og vil opne så snart det er i orden. Målet er å kunne ha ope laurdagar og søndagar, i tillegg til kveldsope tysdag og torsdag.
Me er heilt avhengige av mange heisførarar for å kunne ha trekket mest mogleg ope, og laurdag 13. januar blir det kursing av nye heisførarar, meir informasjon kjem, men set gjerne av dagen allereie no om du kunne tenkje deg å vera frivillig, og meld deg som heisførar til Tobias Dahle (tobias.dahle@vavest.no). Vi kjem attende med info om varigheit av kurset. Det blir i etterkant sett opp dugnadslister der ein kan byte innad.
Kleppakort
Som tidlegare år når trekket har vore ope, så vil vi selge Kleppakort som inkluderar løypeavgift, skileik, skikarusell og trekket. Dette kan kjøpast som familie eller enkeltperson, sjå prisar og informasjon her:
Prisar for aktivitetar på Kleppa skisenter.
Målet er òg å få testkøyrt trekket før den offisielle opninga! Dette vil det komme fortløpande informasjon om, så hugs å følgje med på syril sine sider på nett og på facebook.
No er datoane for skikarusellen klare. Datoar og meir info om karusellen, finn du på sidene til barneski-gruppa:
Lurer du på om det er trakka opp skiløyper på Kleppa? Det finn du svaret på ved å gå inn på Skisporet.no. Der får du oversikt over kvar det er preppa og når det vart gjort.
Om det er andre ting du lurer på kring anlegget, sjå Syril sine sider her: https://syril.no/anlegg/kleppa/
God tur i snøen!
Årets Syril trim er ved vegs ende, og vi har trekt vinnarane av gåvekort!
Det er mange som har fullført både turpostkort og/eller Trim30-kortet, stor applaus til både barn og vaksne! Vi håpar de har hatt mange fine turar sjølv om veret har vært både og i sommar. Og alle er velkomne på trimpostane våre, med og utan trimkort.
Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Dei gjer det og enkelt for oss i samband med sal og innlevering av trimkort.
Vi vil og takke dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr og Byggmeister Langeteig & Volldal, som støttar aktiviteten vår.
Takk også til alle gode hjelparar med smått og stort i løpet av sesongen (legge ut nye bøker, rydde stiar, klopper, fikse trimkasser, videoar m.m.). Vi set stor pris på all hjelp vi får!
Vinnarar av turposttrimmen 20 og gåvekort à kr 1.000:
Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:
Vi gratulerer alle med god innsats, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år og. Gåvekorta får de i løpet av dei komande dagane!
Syril har lufta trakkemaskina ein liten tur. Har du kjøpt ski, akebrett eller kjelke på Black Friday, kan du prøve det ut!

Søndag 19. november 2023 kl 1000 – 1300.
For barn og unge i Leikangerhallen på Saften.
Alle barn skal ha med ein føresatt som har ansvar for barnet.
Arrangør er Syril Fotball G13 i samarbeid med Leikanger Frivilligsentral.
Kiosksalg – kaffi, kaker, saft m.m.![]()
![]()
Dette blir moro ![]()
Krinsstemnet laurdag 26. august på Syril stadion samla 102 deltakarar.
Vi hadde følgande øvingar:
60 m (10-14 år)
100 m (15 år og eldre)
400 m (13 og eldre)
600 m (10-12 år)
1500 m (13 år og eldre)
3000 m (15 år og eldre)
Lengde (10 år og eldre)
Høgde (10 år og eldre)
Liten ball (10-12 år)
Kule (13 år og eldre)
Spyd (13 år og eldre)
6-9 år:
60 meter, liten ball og lengde
Alle resultat ser du i Open Track:
https://norway.opentrack.run/nb/x/2023/NOR/syril23/competitor/