Intersport har inngått hovudsponsoravtale med idrettslaget Syril. – Det har vore eit vakuum etter at Erling Røysum la ned sportsdelen av butikken rundt nyttår, men vi er no veldig glade for at vi endeleg kan annonsere at Intersport tek over der Erling Røysum slutta, seier Elianne Eggum, leiar i Syril.
– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Erling Røysum i mange år, og vi opplev allereie at vi er i gode hender no når Intersport blir del av sponsorpakken vår, fortset Eggum.
– Intersport har allereie vore sponsor på mange av Syril sine arrangement tidlegare, og det er i så måte ikkje heilt upløgd mark for nokon av oss. Vi har sett fram til å kunne annonsere at Intersport no blir ny sportssponsor for Syril, seier Reidar Dvergedal, dagleg leiar hjå Intersport.
Gjennom avtalen får Syril tilgang til treningsklede, -sko og anna idrettsutstyr på gunstige vilkår. Også Syril sine medlemmar får nyte godt av rabattar på klubbkolleksjonen som Intersport tilbyr Syril.
Intersport og utstyrsleverandørar som Umbro og Craft vil få marknadsføre og profilere merkevarene sine gjennom Syril. Nokon har kanskje sett at Intersport-logoen allereie har dukka opp på dei nye Syril-draktene. I tillegg vil Intersport-logoen framover dukke opp på anlegga til Syril.
– Vi ser fram til eit godt samarbeid med Syril, og gler oss til å vera meir synlege ute på Leikanger, seier Reidar Dvergsdal.





