Akademiserie/soneturnering haust 2016

Sogn sitt sonelag G2002 skal i år spela i akademiserien (tre turneringar). Frå Syril er Gard Grinde og Per S Sølsnæs med i bruttotroppen og skal delta på treningane. Til turneringane vert det teke ut ein tropp på 14 utespelarar og 2 keepera.

Sundag 21. august vil det bli avholdt ei soneturnering for G2001. Dette vil vera ein referansekamp, og ein viktig del av kartlegginga for ny kretslagstropp for hausten 2016. Frå Syril er Ingemår Fosshagen, Amund Bäckstrøm og Magnus R Wolff tekne ut.

 Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til 🙂

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Info Tine fotballskule

 

I påmeldingsbrevet vart det informert om kiosksal under fotballskulen. Det vil vere kiosksal kvar dag i lunsjen utanom torsdag, då det er grilling av pølser. Grillinga skjer ca. 13.45, og det vil derfor vere lurt at ungane har med seg noko lite til lunsj tidlegare på dagen. Det vert utdelt frukt og tinedrikke (laktosefri) i lunsjen denne dagen og, slik som dei andre dagane. Det er sjølvsagt heilt i orden med nistepakke kvar dag, men om de ynskjer å planlegge kjøp i kiosken, har me desse varene: Saft 5 kr, vaffel 15 kr og baguett (med ost og skinke) 25 kr.

Tine fotballskule 2016 – rammeopplegg

8 – 10 år

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag
1000- 1045 Velkomst
Informasjon
Gruppeinndeling
Bli kjent-aktivitetar
Leikar
Pasning, dribling…
Skot på mål
Spel
Diverse grunnleggjande dugleiksøvingar
1045-1200 Skot på mål
Pasning, dribling…
Spel mot eit mål Diverse grunnleggjande dugleiksøvingar Lunsj 1130-1200
Turnering 1200-1345
1200-1245 L U N S J
1245-1330 Leikar
Pasning, dribling…
Diverse grunnleggande dugleiksøvingar Spel mot to mål TURNERING
Uttøying
1345-1415 Spel mot eit mål
Uttøying
Utdeling av utstyr
Spel mot eit mål
Uttøying
Diverse spel / leikar
Uttøying
AVSLUTNING
GRILLING + UTDELING DIPLOM
1415-1430 INNSAMLING AV UTSTYR – OPPRYDDING AV OMRÅDE

10-12 år

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag
1000 – 1045 Velkomst
Informasjon
Gruppeinnedeling
Bli-kjent-aktivitetar
Pasningsspel Ferdigheiter ved oppspill bakfrå Diverse spel / leikar
1045-1200 Pasningsspel Trening på avslutningar – skot Trening på avslutningar – skot Lunsj 1130-1200

Turnering 1200-1345

1200-1245 L U N S J
1245-1330 Ein mot ein-situasjonar Ferdigheiter ved oppspill bakfrå Bruk av hovudet ved innlegg / avslutning TURNERING
Uttøying
1345-1415 Diverse spel / leikar
Trening på hovudferdigheiter
Utøying
Diverse spel / leikar
Uttøying
Ferdigheiter i forsvar + ein mot ein
Uttøying
AVSLUTNING
GRILLING + UTDELING DIPLOM
1415-1430 INNSAMLING AV UTSTYR – OPPRYDDING AV OMRÅDE

PROGRAMMET ER OPE FOR JUSTERINGAR UNDERVEGS

Norway Cup 2016

Så var nok ei Norway Cup-veke over og Syril kan sjå tilbake på flotte opplevingar både på og utanfor fotball-løkka. Alle laga har hatt base på Haraldsheimen, Syril sin faste innkvarteringsstad.

haraldsheimen

Her har vaksne delt dagens opplevingar over kjøkengryter og kaffikoppar, medan ungdommane har samlast om bordtennis, kortspel og fotball-leik. Tusenfryd, go cart, laserskyting og shopping er det også blitt tid til. Men først av alt er sjølvsagt veka full av fotball!

Alle laga var i aksjon til onsdag kveld, då måtte småjentelaget gje tapt i 16-dels finalen, A-sluttspelet mot Skodje IL som seinare kom til finalen og vann sølv.

NC Syril J13-14.jpg

Smågutane fekk med seg enno ein kamp, men torsdag morgon rauk dei ut mot laget som seinare blei vinnaren av B-sluttspelet, Løvenstad 2.

NC Syril G14

Jenter 15/16 stilte lag i 11-ar serien i år og spelte seg til ein flott kvartfinaleplass. Her stogga cupeventyret for denne gongen, mot vinnaren av finalen, Langfjorden FK!

NC J15-16

Den store overraskinga stod juniorjentene for, eit lag som var sett saman for cupen spesielt. Med god hjelp av SIL-spelarane Vibeke Solheim og Trude Kveane spelte laget seg til puljevinner i klasse 17/19 år, og gjekk direkte til kvartfinale. Der slo dei ut kanadiske Yukon Selects, men gjekk i semifinalen på tap i straffesparkkonkurranse mot sølvvinnar Trygg/Lade

NC Syril J17-19

Likevel: Ei flott oppleving, som vi håpar ga meirsmak til meir fotball framover 😊

Takk for i år, Norway Cup!

Syrillaga på Norway Cup

 

Då har alle laga til Syril vore igjennom gruppespelet. J 14 vann gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 15.40. G 14 vart nr. 3 i gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 11.40 i B-sluttspelet. J 16 har og vunne gruppa si, og skal spele 1/32 finale i dag kl.13.15. J 17/18/19 har vunne gruppa si, og skal spele 1/4 finale i morgon kl.12.45

Gull på Dana Cup

Dei 5 jentene frå Syril kjem heim med gull frå Dana Cup. Kaupanger har vore suverene gjennom heile turneringa. Sjølv om to av kampane blei avgjort på straffespark, så har ikkje Kaupanger sluppe inn eit mål etter ordinær tid. I finalen i dag, vann dei 2-0 over Forus & Gausel. Syril Fotball vil gratulera Syriljentene, Kaupanger og alle dei som har vore med på denne fantastiske prestasjonen.

Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar Syril

Syrilspelarar til Dana Cup

Når Kaupanger reiser til Dana Cup, så er det med 5 Syrilspelarar i troppen. Kristi Vangsnes, Siv Hickman, Andrea Henjesand, Stine Gjerde og Synne Gjerde skal representera Kaupanger J16 under årets Dana Cup.

Desse jentene har hatt fast hospitering med Kaupanger ein gong i veka sidan i vinter/vår. Der har dei imponert, og eg har fått gode tilbakemeldingar på dei frå Kaupanger.

Dette er kjempeflott for jentene, og her er det berre å gje bånn gass 🙂

Syril Fotball ynskjer dei lukke til i turneringa.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Syrstrond Idrettslag