Milepæl nådd i trimsesongen 2016

Trimsesongen 2016 har vore ein god sesong. Mange har teke turen ut i naturen i Leikanger og mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele dine turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust!

Interessa har gjort seg synleg i sal av trimkort. I 2016 passerte vi 200 selde klippekort. Fordelinga er klart i favør av dei tradisjonelle 20 turpostane, som utgjer 2/3 av salet. Det fine er at Trim 30-kortet tek seg opp. Dette er eit alternativ til å ta alle postane, sidan ikkje alle av postane er like lett tilgjengelege. Trim 30 kan kombinerast med det tradisjonelle kortet med 20 klipp frå alle postane supplert med 10 ekstra turar.

Så godt som alt vi får inn på sal av trimkort – kostnader til korta går til premiar. I år vil vi ha fleire premiar enn nokon gong. Erling Røysum AS er med på «å strekkje pengane» noko lenger. Det betyr at sjansen for at du blir ein vinnar blir større!

Hugs å levere trimkorta hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder så snart som råd!

Sniktitt på 2017

Vi har ei lita gladmelding til dei som etterlyste trimkort med bilde på. Her er smakebit på neste års trimkort:


Som de ser er våre trufaste sponsarar av utstyr og rekvisita:

med oss i 2017 òg. Vi takkar for deira langvarige støtte!

Enivestserien på Nordfjordeid 29.oktober

Tidlegare i haust vart Silje Nesdal, Runa Vangsnes, Snit Ogbai og Nora Henjesand teke ut i bruttotroppen, og dei deltok på turneringa som var på Leikanger den 27.august

No er det klart for ny turnering på Nordfjordeid den 29.oktober. Også denne gongen er alle 4 jentene teke ut til turneringa.

 Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til!

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

uttak sonegruppe

Syrstrond Idrettslag