Hjelp Syril med det nye medlemsregisteret

SYRIL må gå over til elektronisk medlemsregister. Dette er ein stor jobb som vi treng medlemmane si hjelp.

Vi takkar difor viss du tek deg tid til å leggje inn den informasjonen vi treng for å få dette til. Gjer du dette innan 5. desember, er du med i trekninga av ein liten påskjønning som takk for hjelpa.

Vi har hjelpesider her. Men har du spørsmål, ta kontakt med ein av dei som arbeider med dette i SYRIL:

  • Eva Fosshagen – 905 42 818,
  • Ingunn Nyhammer – 971 17 076 eller
  • Nils Magne Slinde – 901 54 550

Helsing
Per Hauge
-leiar i SYRIL –

Drakter sponsa av Erling Røysum AS

SyrilSogndalJ16.jpg

Handballaget til Jenter 16 stiller i år med eit kombinasjonslag. Laget heiter Syril/Sogndal, og er samansatt av spelarar frå Syril og Sogndal. Her er laget avbilda i nytt flott draktsett som er ei sponsorgåve frå Erling Røysum AS. Syril handball har i år motteke totalt 30 nye drakter til ein verdi av kr. 13700,- frå vår lokale sponsor.

Syril handball takkar Erling Røysum AS for denne flotte gåva!

Vinnarane av Syril Trim 2016

2016-gavekortI 2016 har Syril Trim hatt den beste deltakinga nokon sinne. Vi vonar alle har hatt fine opplevingar ute i naturen.

For å feire deltakinga i trimmen sler vi saman med Erling Røysum AS på stortromma. Som vanleg går nettoen på sal av trimkort til premiar. I tillegg aukar Erling Røysum AS premiepotten med gode 20%!

Kvar vinnar av Trim 30 får eit gåvekort på kr 500. Kvar vinnar av turposttrimmen får eit gåvekort på kr 1.000. Premiar er på veg ut!

Trim 30 – junior

  1. Janne Olsmo Oen
  2. Anna Felde Hasund

Trim 30

  1. Per Høgheim
  2. Linda Føleide Skinlo
  3. Elisbeth Bernhardsen
  4. Ane Bjørk
  5. Siri Ringheim Heggenes
  6. Anna Røysum

Turpost

  1. Solfrid Kjoberg
  2. Ida Helen Sundet
  3. Hege Nilsen Nornes
  4. Per Høgheim
  5. Mathilde Aasen Vikesland
  6. Ida Bjørk
  7. Kjell Remø
  8. Solbjørg K. Halland
  9. Jens Remø
  10. Ingrid Rishovd
  11. Tonje G. Sjøthun
  12. Marie Bremer Remø
  13. Rita Steig
  14. Elisabeth Bernhardsen
  15. Hildur Liljedahl Stølen

Erling Roysum

Handballhelg i Saften

 

Følgjande kampar kan du få med deg i hallen i helga:

Laurdag 5.november:

12.00 Syril/Sogndal – Gloppen  J16

13.05 Syril – Vik  J15

14.10 Sogndal – Syril  G16

15.20 Syril/Sogndal – Gloppen  J16

16.45 Syril – Eid  4.div dame

Sundag 6.november:

13.15 Syril – Florø 2  4.div dame

14.20 Syril – Skavøypoll  G16

16.00 Sogndal – Førde 2  4.div dame

 

Syrstrond Idrettslag