I morgon, tysdag, spelar damelaget handballkamp mot Sogndal kl.20.15 i Saften. Kiosken er open. Inngang 50 kr. Damene har ein uavgjort, og to sigrar før tysdagens møte med Sogndal. Sogndal har vunne sine tre kampar til no i sesongen. Det vert ein spennande kamp. Møt opp og hei Syrildamene fram til sin tredje siger.