Gard og Alexander på eliteturnering i Bergen

Gard-AlexanderAlexander Slinde og Gard Grinde representerer Team Sogndal på Ove Helgesen Trophy-turneringa som er ei eliteturnering som vert arrangert i Bergen. Laget består av dei beste spelarane frå fylket, og me er stolte over Alexander og Gard som representerer Syril på ein framifrå måte!

Dei spelar på kvart sitt lag og 2002-laget med Gard skal spela finale mot sjølvaste Fulham FC. 2004-laget som Alexander representerer har blant anna møtt russiske CSKA Moskva. Alexander har og scora mot både Åsane og Bodø Glimt.

Syril gratulera Gard og Alexander med flott innsats i Bergen, og tykkjer det er kjempeflott at spelarane vore får hausta erfaring mot topp nasjonal og internasjonal motstand.

Trenarkurs fotball

Syril vil i haust prøve å få gjennomført trenarkurs, kurset er ein del av NFF sitt kurs «Grasrottrenaren», primærmålgruppa er trenara i barn og ungdomsfotballen.
Det er viktig at flest mulig av Syril sine trenara gjennomfører trenarkurs, her er det muligheit for litt påfyll.

Vi vil starte med Del kurs 2 – Barnefotball – flest mulig med kvalitet. Kurset vil gå over 2 kveldar a 4 timar, tidspunkt er ikkje heilt avklart, men vil verta gjennomført i perioden veke 35-39. For at Sogn og Fjordane fotballkrets (SFFK) vil gjennomføra kurset må det minst vera 8 deltakarar, med så mange trenarar i Syril så bør dette vera mulig.

Ber om ei tilbakemelding på kven som kan tenka seg å gjennomføra dette kurset innan 20 august, tilbakemeldinga kan gjevast til Steinar Røysum tlf. 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no

Lenke der det står meir om «Grasrottrenar utdanninga»

Praktisk info om fotballskulen

  1. tfs logoTine Fotballskule startar måndag 14. august med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09:50 på kunstgrasbana.
  2. Tysdag til torsdag er det oppmøte på kunstgrasbana klokka 09:50.
  3. Fotballskulen er ferdig klokka 14.30.
  4. Alle aktivitet vil vera omkring dei 2 fotballbanene på Syril stadion.
  5. Det er viktig at deltakarane tek med drikkeflaske, nistepakke og klær etter behov.
  6. Torsdag avsluttar vi med grilling(værforbehold)

Innhalde for dei 4 dagane vil sjå omlag slik ut:

10:00-11:30 Fotballøkt m.m.
11:30-12:15 Lunsj
12:15-14:15 Fotballøkt m.m.
14:15-14:30 Samling i sirkelen og info om neste dag.

Instruktørar under årets Tine Fotballskule vil vera trenarar og spelarar frå Syril.

Ta kontakt med Steinar Røysum ved spørsmål kring Tine Fotballskule: s-roysum@frisurf.no eller mob. 90145370.

Trim 30 – ekstra tenger ute

ekstra tengerAlle ekstra klyppetenger er no lagt ut for Trim 30. For dei som ikkje kan gå alle 20 turpostane, har ein no fem fleire turalternativ.

  1. Tuftahaug
  2. Hangsete
  3. Friksdal
  4. Nyastøl (i Huksdalen)
  5. Raumålsgrindi

Nokre tips:

  • Gå opp på Fadnastølen, fram til Tuftahaug og f. eks. heim traktorvegen for å få med to klypp på kortet.
  • Sykle fram til Fivelhola eller Flya og gå til Friksdal. Trill heim frå Flya og evt. stikk oppom Dalhjella for eit tredje klypp på turen.
  • Gå vidare frå Bjørgahaug til Hangsete og hank inn eit ekstra klypp.
  • Gå frå Skahaug eller skulen via Raumålsgrinda til Stokksete for å sikre deg to klypp på kortet.

Det viktigaste – ta turane i ditt tempo, gjerne med noko godt i sekken. Hugs å pause og sjå deg rundt. Du må ikkje gå glipp av naturen og utsikt!

Dalsete (Huksdalen) – ny post med bok

Du kan køyre fram til transformatorstasjonen, som er under bygging i Huksdalen i 2017/18. Gå ca 500 meter vidare til skogskoia til Hauge. Skilt til Dalsete markerer starten. Odd Arve Rakstad med fleire har rydda og merka stien opp til Dalsete, ein kort og grei ettermiddagstur.

Om du er i Kleppaområdet kan du stikke nedom frå Rjupeskar eller nordover frå Smørklett.

Oppdatert kart over alle postane er lagt ut på Trim-sida

Kart over turpostar 2017 v 2

Trim 30 – fleire stadar å klyppe

ekstra tengerDet kom inn eit ønskje om fleire tenger slik at dei med Trim 30-kortet fekk fleire turalternativ. God ide, tenkte vi.

No har vi fått inn 5 ekstra tenger og utplasseringa er i gong. I dag vart ei tong utplassert på Tuftahaug. No kan de med Trim 30-kortet gå opp på Fadnastølen, fram til Tuftahaug og f. eks. heim traktorvegen og få med dykk 2 klypp på kortet. Utanom Tuftahaug vil du etter kvart finne tang her:

  • Hangsete
  • Friksdal
  • Nyastøl (i Huksdalen)
  • Raumålsgrindi

Følg med på https://www.facebook.com/groups/syril.trim/ for utplassering av tengene.

Spre det glade bodskap og hugs å kjøpe trimkort:

Trim 30 2017

Syril J8 med keepertrening

Syril J8 har hatt besøk av Bjørn, Malin og Odd-Bjørnar frå Skjeldestad keeperskule. Dei hadde ei heil økt med keepertrening med alle jentene. Eit av måla er å inspirere jentene til å bli keeper, slik at vi om nokre år har nok keeperar å ta av. Samstundes får jentene sine trenarar gode tips og døme på keeperøvingar som vi kan bruke i våre eigne økter.

Bjørn kjem tilbake til hausten for å ha ei ny keeperøkt med alle jentene. Vi gler oss allereie!

Syrstrond Idrettslag