Alle møter på Syril stadion til kl 10 på måndag. Ta med med drikke, matpakke og byteklè (kan bli regn) Torsdag er det grilling, då treng ein ikkje matpakke. Velkommen alle saman, dette vert moro!
Tine fotballskule 12.-15.august 2019
Minner om påmeldingfrist til Tine fotballskule som er den 4.august.
Her finn de informasjonsskrivet som er sendt ut: https://syril.no/ball/fotball/tine-fotballskule/
Tine fotballskule 2019
Her finn de informasjon om Tine fotballskule 2019: https://syril.no/ball/fotball/tine-fotballskule/
Informasjonsskriv vert og delt ut som ranselpost på skulen ila denne veka.
Barnefotballkvelden på onsdag er avlyst
Barnefotballkvelden på onsdag er avlyst pga liten påmelding
Barnefotballkveld onsdag 5. juni kl. 17.00
Fotballkretsen vil gjennomføra barnefotballkveld onsdag 5. juni kl. 17.00 på barneskulen/bana. Barnefotballkvelden er ein kveld med praktisk/teoretisk temakurs som tek for seg korleis ein som klubb og klubbtrenar kan legge til rette for betre differensiert og jamn fotballaktivitet under trening og kamp. Kurset vil vera nyttig for alle trenarar i barnefotballen. Ein oppmodar at alle trenarar til å delta på barnefotballkvelden, også dei som ev. har delteke tidlegare. Ein kan lesa meir om barnefotballkvelden på kretsen sine sider.
Tine fotballskule
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule 12.-15.august. Fotballskulen er eit tilbod til dei som er fødde i 2011-2007. Infoskriv vert sendt ut i byrjinga av juni. Meir informasjon kjem.
Grasrottrenarkurs
Minner om trenarkurs 30.april og 7.mai. Påmelding til Steinar Røysum, 90145370, s-roysum@frisurf.no
Trimkorta er i sal!
De kan no kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som i fjor: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for turpostane.
De kan betale kontant eller med Vipps (til 88235). Om de betalar med Vipps, hugs å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa.
Vi har fått tilsendt mange flotte forslag til bilete på trimkorta. Det er Mathilde Aasen Vikesland og Lene Kleppo som har teke bileta vi har brukt. Takk til alle!
Bøkene har lege i postkassene heile vinteren, og vi håpar og trur at det har gått bra. Dersom de kjem til «våte» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.
Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!
God trimsesong til alle!
Helsing oss i trimgruppa
Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Torill Felde
Kurs om skadeførebygging, behandling av akutte skadar og opptrening etter skade
NFF Grasrottrenarkurs – Del 2 Barnefotball
Den 30. april og 7. mai vert det trenarkurs her på Leikanger (Stadion), kurset er Del 2 – «Barnefotball» som er ein del i NFF Grasrottrenar utdanning.
Målgruppe
- Alle som har eit trenarverv i barnefotballen i aldersgruppa 9–10 år bør ha kurset som bakgrunn for å tilrettelegge for og å gjennomføre god fotballaktivitet
- Alle som ynskjer å starte og gå vidare på NFFs utdanningsstige https://www.fotball.no/kurs/kurs/?fiksId=2582615
Kurset går over 2 kvelder med ca 4 timar pr. kveld, fordelt på teori og praksis. I tillegg vert det noko e-læring i forkant, mellom kursa og etterpå.
Håpar at mange av våre trenarar vil melde seg på. Kurset er Gratis.
Påmelding til Steinar Røysum, mob. 90145370, eller s-roysum@frisurf.no