Årsmøtet i fotballgruppa

Syril | Syril

ÅRSMØTE TORSDAG 2. MARS
kl.19.00 i møterom 4.etasje Saften

Sakliste:

  1. Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Saker; Forslag til revidert sportsplan, informasjon om inkluderingsfond, informasjon om vinterdrift, informasjon om verv
  6. Treningsavgift 2023
  7. Budsjett 2023
  8. Val

Velkomen!

Vel gjennomført skikarusell og Klepparenn!

Laurdag 4. februar var det mykje liv på Kleppa. Først på dagen var det skikarusell med om lag hundre ungar. Seinare på dagen var det tid for Klepparenn, og slik som i fjor så var det lagt opp til skicross.

Skicross er ei løype med meir nedoverbakkar enn oppoverbakkar. Det er laussnøkjøring, kuler, litt slalåm, hopp og kast på blink. Det var over tretti deltakarar frå 5-15 år. Flest deltakarar frå Syril, men og ein del som tok turen frå Sogndal.

Ein flott skidag!

Klepparenn 4. februar kl. 13.00


Sonerenn, Skicross på KLEPPA –
Laurdag 4. februar, 13.00.

Syril inviterer til skirenn, skicross, på Kleppa. Kjem det berre litt snø før 4. februar blir det langrenn med skicross-element.

Påmelding:

Gjennom Min idrett – Påmelding (nif.no)
eller e-post: torgru63@gmail.com

Frist 02.02.23
Startkontigent: 70 kr

Betal til kontonr. 3781 07 31029 eller ved henting av startnr.

Klasser og løypelengder:
Det er årsklassar frå 7 år -14år og ei klasse for 15 år og eldre
Det er to løyper, der lengde og utfordringar tilpassa alder. Alle køyrer løypa to gonger med tidtaking. Løypa blir open for å prøve før rennet.

Premiering: Premiar til alle deltakarar.

Vel møtt til ein fin skidag på Kleppa!
Syril, skigruppa

Handball i hallen 8. januar

Veromslaget søndag 8. januar gjer det meir attraktivt å halde seg innandørs. Kva med å ta turen ned i Saften/Leikangerhallen og få med seg nokre kampar i dag?

DatoTidKamp
08.01.202310:30Syril  – Jotun  (J11)
08.01.202312:00Syril  – Jotun  (J11)
08.01.202313:00Syril  – Vik  (J12)
08.01.202315:15Syril  – Førde 2  (Kvinner)

Syrstrond Idrettslag