Kategoriarkiv: Ski

Skikarusell på Kleppa på søndag 7. februar.

Det er også Klepparennet denne dagen. Klepparennet startar kl. 13, skikarusellen startar ca. kl. 13:30. Det vert ikkje høve til å starte på skikarusellen før alle løparane som deltek på Klepparennet er komne i mål. Dette for å unngå at skiløparar vert gåande i vegen for kvarandre.

Det er eit fint høve for dei litt større ungane til å prøve seg som deltakar på langrennsarrangement. Rennet går i fristil, men det er heilt ok å gå vanleg klassisk. Løparar som er 10 år og yngre skal gå 1 km.

Påmeldingsfrist er fredag 5.februar. Påmelding til rune.kjorlaug@difi.no. Syril dekkar startkontigenten.

Det vert kiosk på skihytta.

Kleppakort 2016

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa. Årskortet i slalåmbakken, skikarusellar, lysløypeavgift og treningsavgift langrenn («Løypeavgift Kleppa»).

Kleppakortet er for sal i vaktbua eller til bankkonto 3781.07.31029 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler på nett.

Prisar

  Barn 0 -6 år Barn 7-15 Vaksne Familie
Kleppakort Gratis 800 800 2 000
Dagskort Gratis 100 100 200
Kveldskort Gratis 60 60 120
Enkelttur Gratis 20 20 40

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20

Alle i familien vil få utskreve eigne kort. Kortet kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Kveldsope skitrekk torsdag 4.2.

Skitrekket på Kleppa held ope som normalt for ein torsdag kveld:  18:00 – 20:30.

Frå og med denne dagen er det kveldskort eller Kleppakort som gjeld. Meir om det finn du under Anlegg – Kleppa. Prisane vert fastsett seinast i løpet av torsdagen, men ta høgd for minst same pris som ifjor. Hugs kontantar og plastlomme på armen til å ha trekkorta i.

Minner om påbod om hjelm i bakken.

SSF karusell: Klepparennet søndag 7. februar kl. 13.00

(saman med skikarusellen som starter kl. 13.30)

Startrekkefølgje Klepparennet:

  • 15 -16 år: 5 km
  • 13-14 år: 3 km
  • 11-12 år: 2 km
  • 10 år og yngre: 1 km
  • Fristil

Startkontingent: kr. 50,-
(Faktura vert sendt til klubbane i etterkant av rennet)

Premieutdeling rett etter rennet.

Kiosk og gratis parkering!

Online påmelding: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/ eller e-post: rune.kjorlaug@difi.no

Frist for påmelding: 5. februar

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

Klepparennet, søndag 7. februar kl 13:00

Rennet vil gå i fristil med 30 sekund startintervall, og vere for klassane 16 år og nedover. Rennet vil bli arrangert i samarbeid med skikarusellen.

Gutar Løypelengde Jenter Løypelengde
15-16 år 5 km 15-16 år 5 km
13-14 år 3 km 13-14 år 3 km
11-12 år 2 km 11-12 år 2 km
10 år og yngre 1 km 10 år og yngre 1 km

Rennleiar: Rune Henjesand, 957 81 492

Klepparenn 2011

Laurdag – første skikarusell

Barneski-002Årets skikarusell på Kleppa startar no på laurdag 23. januar. Vi satsar på at forholda held seg så det framleis vert fint å gå nede på Kleppa.

Påmelding og utdeling av startnummer er i skihytta. Start mellom kl. 13 og 14. Det er open kiosk.

Barneskigruppa er klare til innsats, og håpar at det kjem mange unge og ivrige skiløparar!

Mari og Øyvind til VM i telemark

Skiforbundet melder at Syril får med 2 deltakarar til WC og junior-VM i Frankrike.

WC og junior-VM Frankrike
Øyvind Vagstad, Syril IL
Amund Møster Haugen, Fjellguten Skilag
Sondre Støve, Åndalsnes IF
Kristian Lauvik Gjelstad, Morgedal IL
Mikkel Nygaard Løken, Bækkelaget SK
Erik Kvernberg, Eidsvågen IL
Guro Kjølseth, Nordre Land IL
Gøril Strøm Eriksen, Bækkelaget SK
Julie Dahle, Åndalsnes IF
Mari Felde Liljedal, Syril IL

Intervju med våre representantar finn du hjå NRK Sogn og Fjordane.

God helg for Syril telemark

Helga 16 og 17.1 var det NorgesCup Telemark på Sogn Skisenter. Syril gjorde god figur. Mari Felde Liljedal tok sigeren i NC Telemark Klassisk i klassen kvinner, junior (17-21 år).

Ei oppsummering av helga finn du på sidene til Skiforbundet under telemark.

Fullstendige resultatlister finn du her: