18.-20.mars er det eliteturneringar for G14, G15 og G16. Amund Bäckstrøm Vikdal er teken ut på TEAM Sogndal i klassen G15, og skal til Stavanger og spele mot Odd Grenland, Viking og Haugesund. Kristian Knudsen Berg og Andre Thorsnes Talle er tekne ut på TEAM Sogndal i klassen G16. Dei skal til Trondheim og møte Sandefjord, Odd Grenland, Start og Molde. Syril gratulerar gutane så mykje med uttaket, og ynskjer dei lukke til.

Her er bilete av dei 3 gutane med laget sitt på KM i 2015.
11.-13.mars skal SFFK sitt kretslag for J16 til Sotra for å spele kretslagsturnering. Der skal dei spele mot kretslaga i Akershus, Trøndelag og Indre Østland. 4 jenter frå Syril er tekne ut til denne turneringa. Det er Stine Gjerde, Siv Hickman, Andrea Henjesand og Kristi Vangsnes. Syril gratulerar jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke til.
