
Syril har fått følgjande jenter med i uttaket for Sone Sogn: Silje Nesdal, Runa Vangsnes, Snit Ogbai, Nora Henjesand, Synnøve Fosshagen og Kine C. Stokkenes. Lukke til!
For G13 er ikkje uttaket klart enno.

Syril har fått følgjande jenter med i uttaket for Sone Sogn: Silje Nesdal, Runa Vangsnes, Snit Ogbai, Nora Henjesand, Synnøve Fosshagen og Kine C. Stokkenes. Lukke til!
For G13 er ikkje uttaket klart enno.
18.-20.mars er det eliteturneringar for G14, G15 og G16. Amund Bäckstrøm Vikdal er teken ut på TEAM Sogndal i klassen G15, og skal til Stavanger og spele mot Odd Grenland, Viking og Haugesund. Kristian Knudsen Berg og Andre Thorsnes Talle er tekne ut på TEAM Sogndal i klassen G16. Dei skal til Trondheim og møte Sandefjord, Odd Grenland, Start og Molde. Syril gratulerar gutane så mykje med uttaket, og ynskjer dei lukke til.

Her er bilete av dei 3 gutane med laget sitt på KM i 2015.
11.-13.mars skal SFFK sitt kretslag for J16 til Sotra for å spele kretslagsturnering. Der skal dei spele mot kretslaga i Akershus, Trøndelag og Indre Østland. 4 jenter frå Syril er tekne ut til denne turneringa. Det er Stine Gjerde, Siv Hickman, Andrea Henjesand og Kristi Vangsnes. Syril gratulerar jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke til.
Fotballsidene er oppdatert med det nye styret og godkjent årsmelding. Styresamansetning og dokumentarkiv finn du her.
Treningsavgifter er oppdatert. Treningstider vil om kort tid bli oppdatert. Alt om fotballtrening finn du her.
Tysdag 23. februar 2016 kl 20.00, møterom i fjerde etasje på Saften.
Dagsorden:
Styret i SYRIL Fotball ønskjer alle velkommen!
Vedlegg:
Tre lag frå Syril gjekk vidare til KM-sluttspelet i Førde frå innleiande rundar i SSF KM for aldersbestemt fotball:

Lenke til resultatservice: https://goo.gl/vsU6zF
Årsmøte i Saften 4. etasje, tysdag 23. februar kl 20.00
Skriftlege forslag kan ein sende leiar (kjartan.hove@vegvesen.no) seinast 20. februar
Laurdag 6. og 7. februar er det KM Innandørs for aldersbestemt fotball. Kampoppsettet er klart og det blir lange dagar med mykje fotball i Leikangerhallen. Laurdag startar vi kl 10:00 og avsluttar rundt 19:30. Søndag er vi i gong att kl 08:40 og siste kamp går etter planen kl 21:00. Med andre ord vert det ikkje mykje kvile for ein fotballinteressert denne helga.
Kiosken er open med variert tilbod og tribuna har god plass. Ta med godt humør og hei laga fram til siger.