Kategoriarkiv: Fotball

Trenaraspirant i Syril fotball?

Syril fotball ønskjer yngre gutar og jenter inn som trenarar i klubben, og vil henvende seg til gut/jente/senior om det er interesse å vere med på eit slikt «prosjekt». Formålet er å rekruttere inn fleire til å vere med som trenarar rundt laga våre, og gje yngre som kan ha interesse for eit slikt verv motivasjon til å prøve seg.

For gute/-jentespelar som vil prøve seg som trenaraspirant, er det lag under eigen årsklasse som er aktuelt, dvs frå smågute/småjente og nedover.

Har du/de spørsmål eller er interessert i å vera med, så ta kontakt med Steinar (90145370) eller Kjetil (90277167)

 

Trenarkurs fotball

Framleis plass til fleire på NFF sitt kurs «Grasrottrenaren».

Kurset er fk. tysdag 19. september og onsdag 20. september kl. 17.00 til 21.00, oppmøte utanfor mediateket på barneskulen.

Vi vil starte med Del kurs 2 – Barnefotball – flest mulig med kvalitet. Dette er kurs som er gode å ha når ein er trenar i barne- og ungdomsfotballen.

Meld dykk på til Steinar Røysum tlf. 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no

Lenke der det står meir om «Grasrottrenar utdanninga»

Fotballsøndag 10. september!

Søndag er Syril stadion møteplassen i bygda! Kiosken vert open og det blir grilling. Ta lunsjen eller middagen på Syril stadion og sjå ungane/ungdomane våre spele fotball!

Kampprogram:

  • 11.00 Syril – Vik G10
  • 11.00 Syril – Norane J11
  • 12.20 Syril – Aurland G12
  • 13.40 Syril – Kaupanger G13/14
  • 15.10 Syril – Bjørn G15/17

Innmarsj med musikk for laga, speakerteneste og musikk. Markering av pokalvinnarar frå cupane i sommar ca. kl 14.45. Sogn og Fjordane fotballkrins deltek v/Anders Veibust.

3v3-turnering for miniputtar kl 11.00

Vi låner 3v3 bane av krinsen. Parallelt med kampprogrammet over vert det ei uformell turnering for dei yngste.

G2010 er desse laga: hjort, elg og rein
J2009 er desse laga: bjørn, jerv og hare
J2008 er desse laga: ulv og rev

Kampane er på 8 minuttar utan sidebyte:

  • 1100 hjort-elg
  • 1110 rein-ulv
    1120 hjort-rev
  • 1130 elg-rein
  • 1140 ulv-hjort
  • 1150 elg-rev
  • 1200 rein-hjort
  • 1210 elg-ulv
  • 1220 rev-rein
  • 1230 bjørn-jerv
  • 1240 hare-ulv
  • 1250 bjørn-rev
  • 1300 jerv-hare
  • 1310 bjørn-hare
  • 1320 bjørn-jerv
  • 1340 jerv-hare

Vi snakkast på stadion

Tine fotballskule

20170817_132800Då er årets Tine Fotballskule over, det har vore fire aktive dagar.

I overkant av 70 ungar har vert med, håpar og trur at alle har kost seg. Torsdag’en vart avslutta med turnering og ikkje minst grilling. Syril fotball vil takka alle saman for nokre fine dagar ilag.

Vil også gje ei stor takk til dei 23 instruktørane som deltok for at vi kunne gjennomføra fotballskulen.

PS! Det ligg ein del klær igjen, samla på tribuna på kunstgrasbana.

God fottballhaust!

Gard og Alexander på eliteturnering i Bergen

Gard-AlexanderAlexander Slinde og Gard Grinde representerer Team Sogndal på Ove Helgesen Trophy-turneringa som er ei eliteturnering som vert arrangert i Bergen. Laget består av dei beste spelarane frå fylket, og me er stolte over Alexander og Gard som representerer Syril på ein framifrå måte!

Dei spelar på kvart sitt lag og 2002-laget med Gard skal spela finale mot sjølvaste Fulham FC. 2004-laget som Alexander representerer har blant anna møtt russiske CSKA Moskva. Alexander har og scora mot både Åsane og Bodø Glimt.

Syril gratulera Gard og Alexander med flott innsats i Bergen, og tykkjer det er kjempeflott at spelarane vore får hausta erfaring mot topp nasjonal og internasjonal motstand.

Trenarkurs fotball

Syril vil i haust prøve å få gjennomført trenarkurs, kurset er ein del av NFF sitt kurs «Grasrottrenaren», primærmålgruppa er trenara i barn og ungdomsfotballen.
Det er viktig at flest mulig av Syril sine trenara gjennomfører trenarkurs, her er det muligheit for litt påfyll.

Vi vil starte med Del kurs 2 – Barnefotball – flest mulig med kvalitet. Kurset vil gå over 2 kveldar a 4 timar, tidspunkt er ikkje heilt avklart, men vil verta gjennomført i perioden veke 35-39. For at Sogn og Fjordane fotballkrets (SFFK) vil gjennomføra kurset må det minst vera 8 deltakarar, med så mange trenarar i Syril så bør dette vera mulig.

Ber om ei tilbakemelding på kven som kan tenka seg å gjennomføra dette kurset innan 20 august, tilbakemeldinga kan gjevast til Steinar Røysum tlf. 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no

Lenke der det står meir om «Grasrottrenar utdanninga»