Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Samarbeid mellom Syril handball og Førde handball

Det er med glede at me kan informere om at Syril handball har inngått samarbeid med Førde handball. Førde har eit damelag som dei siste åra har lege i 1. og 2.divisjon. Dei tek no eit tydeleg ansvar ifht å bygge kultur, sikre rekruttering, samt jobbe for å heve nivået på handballen i området. For vår del kan samarbeidet inneholde m.a. dette:

  • Økter i eigen klubb leia av trenarar frå Førde (Øyvind Vraalsen og Ole Kristian Gjerstad + målvaktstrenar). Trenarrettleiing.
  • Felles økter/samlingar for ulike årsklasser
  • Hospitering (og evt spel) på senior damer for dei spelararar som møter kriterier
  • Gi dei beste eit utvida tilbod utan å ta dei ut av eigne grupper.

Førde sine tankar:

Med dette samarbeidet håpar me i Syril handball på å kunne gi både spelarar og trenarar eit løft, og me gledar oss til å legge gode planar ilag med Førde handball.

Informasjon om seriestart fotball

NFF Sogn og Fjordane har planlagt for oppstart av seriespelet for born og ungdom rett etter påske, samt seniorfotballen i slutten av april.

Med dagens restriksjonar og smitteutvikling nasjonalt har vi ikkje anna valg enn å utsette seriestarten.

Det blir ikkje opna for seriespel før det blir muleg å spele kampar på tvers av kommunar.

Vi har følgande scenario for barne- og ungdomsfotballen:
Dersom vi får beskjed frå myndigheitene om opning frå midten av april for barne – og ungdomsfotballen, ser vi føre å opne opp med seriespel for klasse 10 – 12 år frå veke 16, og for 13 – 17 år frå veke 17.

For barnefotballen – dersom oppstart i veke 16 spelar vi som planlagt, men med korrigering på enkelte kampdatoar. Dersom oppstart blir seinare enn veke 16, vil det bli vurdert heilårsseriar i alle klassane i barnefotballen og nye seriar blir eventuelt sett opp.

For ungdomsfotballen – dersom oppstart i veke 17 eller seinast starten på mai, vil vi sette opp kampar også i veka etter at skulen er ferdig, og ved behov oppsett av to kampar i veka for nokre seriar i nokre rundar.
Dersom oppstart blir seinare enn starten på mai, vil eit muleg alternativt vere å strekke vårsesongen til august.

Mens vi ventar på seriestart oppfordrar vi dei som har mulegheit til å spele treningskampar. Hugs å gjennomføre kampane i tråd med gjeldande smittevernsprotokoller.

Det pågår eit kontinuerleg og breidt arbeid på tvers av idrettar og kretsgrenser for å få åpna for treningskampar på tvers av kommunegrenser, og innafor i regionar, og vi håpar på ein snarleg avklaring.

For seniorfotballen – her er det også uvisst kor tid vi kan få lov å trene som normalt, samt komme i gang med kampane. Det vi kan informere om er at frå den dagen det blir lov med normal trening så vil klubbar og lag trenge ca. fire (4) veker til første kampen blir spelt. 
Eit scenario er seriestart 15.mai og eit anna er 1.juni/15.juni. Dersom det ikkje opnast opp før sommaren blir seriestarten muleg først i august.

Syril fotball treng dommarkontakt

Syril fotball treng dommarkontakt. Per no er det ingen som dekkar det vervet, og det må me ha på plass før kampane startar.

Oppgåvene til dommarkontakt er å fylgje opp dommarane våre (i samarbeid med dommargruppa), sette opp dommarar på kampane + miniputturnering, sørge for å sette opp klubbdommarkurs for nye dommarar, og ha oversikt over utbetaling av lønn til dommarane.

Ny dommarkontakt vil sjølvsagt kunne støtte seg på tidlegare dommarkontakt og styret i fotballgruppa.

Om kampane kjem i gang i april, hastar det med å få på plass ny dommarkontakt. Fint om nokon kan ta på seg denne oppgåva slik at me kan få gjennomført seriekampar når den tid kjem.

Ved spørsmål, ta kontakt med Birte A. Røysum, tlfnr 90 60 06 78, eller birte-a@hotmail.com

Trenarrettleiar og trenarforum Syril fotball

Nils Tore Krosshaug har tatt på seg rolla som Trenarrettleiar for Syril fotball. Vi er svært glad for at Nils Tore har tatt på seg denne oppgåva, det har vore etterlyst i mange år frå våre trenarar. Trenarane er den viktigaste ressursen for drifta til Syril fotball, så det er viktig at de får ein person som de kan ha som «sparringspartnar».

Vi inviterar til trenarforum for alle trenarane torsdag 18.mars kl. 16.30 – 18.30 i Tinghuset. Alle trenarar i Syril fotball er invitert. Det vert mellom anna gjennomgang av den reviderte sportsplanen, som de finn her: Sportsplan 2021-2024

Innkalling til årsmøte 2020 i Syril

Måndag 15. mars 2021 kl. 19.00 i Tingsalen.

Kun styremedlemmar kan møte i tingsalen av smittevernomsyn. Alle andre er velkomne til å delta på nettmøte (på Teams). Sjå sakliste og link til teams nedanfor.

Saksliste:

Microsoft Teams-møte

Bli med på PC-en eller mobilappen

Klikk her for å bli med i møtet

Syril – akademiet

Nå har vi gjennomført ei kartlegging om det var interessa for deltaking på Syril akademiet, og det var det, ca. 35 stk. ønskjer å delta, det er framleis plass til fleire.

Så første helga med Syril akademi vert 9-11 april, med treningsøkter fredag, laurdag og søndag.

Tilbodet er retta mot jenter og gutar i alderen frå 11 år t.o.m. 15 år (f 2010 – 2006) som er motiverte for å trena ekstra. Dette vil vera eit ekstra tilbod der ein kan få nye impulsar og utvikling leia av dyktige trenar.

Det signaliserte informasjonsmøte vert ikkje gjennomført pga. smittevernshensyn, men alle som skal delta på akademiet møter på bana torsdag  8. april kl. 18 for meir informasjon og utdeling av genser.

Har de spørsmål så berre ta kontakt med Steinar Røysum på e-post s-roysum@frisurf.no eller på tlf. 90145370.

Påmelding skjer ved innbetaling av deltakaravgifta på kr 500,- til VIPPS 111103 eller konto 3781 14 13101 innan 26. mars 2021, merk med AKADEMI, legg inn str. på genser.

Informasjonsskrivet