Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Status nye stadion

Sprayarbeidet har gått bra denne veka, men veret som kjem no ser ikkje ut til å spela på lag. Det er meldt regn tysdag – fredag. Det vert arbeid på mandag, men så vert det ein pause til veret betrar seg. Då opnar me bommen opp til skulen.

Det tyder òg at dugnadsarbeidet på torsdag førstkommande må utsetjast. Me kjem tilbake med ny dato for dugnad.

Arbeid på nye stadion og stengt for køyring

No er entreprenør i gang på bana.

Dei arbeidar frå kl.9 på morgon til utpå kvelden. Det er viktig at all levering av ungar er ferdig til kl.9. Då stenger entreprenør bommen. Det vert opphald i arbeidet ein halv time når skulen sluttar, så bussen kan snu og foreldre henta.
Vegen opp til skulen er avsperra med trebukk. Syril frarådar sterkt parkering på skuleområde, snuplass og bussholdeplass denne veka, då dette kan gje lakkskadar. Vegen er ikkje stengd, så om ein må, kan ein flytte bukken og køyre opp, då på eige ansvar. Me ber om at bukken setjast på plass att i slike tilfelle.

Det vil kun vere slik denne veka, so er me ferdige. Takk for hjelpa🏃‍♀️🏃‍♀️🏃‍♀️

Dugnad nye stadion

Det vert dugnad på nye stadion sundag 12. september og måndag 13. september, begge dagar kl. 17.

Oppgåva er å dekke til områder og gjenstandar – primært betong og inngjerding – som ikkje må bli spraya av raudmåling/toppdekke.

Jørn Gåsvær (472 38 189) er dugnadsleiar. Aktuelle verktøy er (tapet)kniv, gatekost, nokre klutar/tøystykke det ikkje er nøye med. Og for dei som har: Trillbår og stiftemaskin (til å feste plast mot tre).
– kan du bidra med ein stige eller stillas; gje melding om det..

Dei som kan stille på dugnad gjev beskjed til Jørn. Meld deg gjerne på på Syril friidrett sitt Facebook-arrangement.

Og følg med på Facebook for evt. oppdateringar på tidspunkt, då noko av arbeidet er veravhengig.

Dette er eit anlegg for alle og ikkje berre friidretten, så flott om alle grupper kan stille med litt folk 😉

Bana måndag 30. august

Dugnad nye stadion – ny tid


På grunn av dårleg ver mandag og tysdag, vert dugnaden utsett til onsdag eller torsdag komande veke. Oppdatering på tidspunkt kjem.

Ta med kniv (tapetkniv er best), gatekost, nokre klutar/tøystykke det ikkje er nøye med, og trillebår for dei som har.

Oppgåva er å dekke til områder og gjenstandar som ikkje må bli spraya av raudmåling. Dette skjer ved legge plastrull og å nytte teip. Aktuelle verktøy er kniv og hammar. 

Jørgen Eikenes er dugnadsleiar (Tlf: 91 37 28 22).

Bli med på AVKAST

Syril handball kastar i gang sesongen med brask og bram! Er du klar til å vere med?

Me er så glade for at me igjen kan samle oss i hallen, og ynskjer å gi medlemmane våre (og andre interesserte) ein pangstart med mykje påfyll og læring!

Samarbeid og utvikling er nøkkelord for desse to dagane, 17. og 18. september:

  • samarbeid mellom klubb og foreldre ifht dugnad og frivilligheit, engasjement for å få ting til!
  • utvikling av foreldretrenarane, gi alle litt input og noko å bygge vidare på
  • utvikling av spelarar, både handballmessig og ifht skadeforebygging og restitusjon.
  • samarbeid og lagbygging: korleis kan me jobbe i lag for å motivere, engasjere og bygge kvarandre opp?

Dette er noko av det som Frode Kyvåg, Christian Berge, Øyvind Vraalsen og Ole Kristian Gjerstad vil ta oss gjennom i sine foredrag og økter. Her snakkar me høg kompetanse og mykje god læring! Dette vil du ikkje gå glipp av!!

Følg instruksjonene i påmeldingsskjema og meld deg på! Gratis for medlemmer av Syril!

Plakat

Status nye stadion

Då har Laiderz komme til Syril stadion og er i gang med å legge gummidekke. Anleggstida er venta å vere 3 veker, gitt at ver og vind er på lag. I denne perioden er det viktig at ingen tek seg inn på stadion. Anleggsgjerde er sett opp.

Den første tida skal det leggjast baselag, på slutten skal eit topplag sprayast på. Arbeidet med topplaget er venta å pågå i 3-5 dagar. Medan arbeidet med topplaget pågår må vegen opp til skulen stengast og det kan ikkje parkerast i nærleiken av bana. Det kan og kome (tilråda) avgrensingar på ferdsel til fots. Dette kjem av at sprayen er flyktig og set stygge merker. Syril kjem til å setja opp skilt når dette vert aktuelt, og skulen informerer tilsette og føresette nærare.

Syril skal dekke til murar, gjerder, klubbhus m.m. på dugnad. Nøyaktig tidspunkt er ikkje klart enno. Til dette treng me gode dugnadsfolk, minst 10 stk. Ta kontakt med Jørgen D. Eikenes på 91 37 28 22 for påmelding.