Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Vinnarar Syril Trim 2025

Årets Syril trim er ved vegs ende, og vi har trekt vinnarane av gåvekort!

Det er mange som har fullført både turpostkort og/eller Trim 30-kortet, stor applaus til både barn og vaksne! Vi håpar de har hatt mange fine turar. Og alle er velkomne på trimpostane våre, med og utan trimkort.

Premiane er gåvekort à kr 750 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Coop Byggmix Leikanger og Små livsgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Små livsgleder og Essoen gjer det og enkelt for oss i samband med sal og innlevering av trimkort. Vi vil og takke dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr og Byggmeister Langeteig & Volldal, som støttar aktiviteten vår. Takk også til alle gode hjelparar med smått og stort i løpet av sesongen (legge ut nye bøker, rydde stiar m.m.). Vi set stor pris på all hjelp vi får!

Litt mindre premier i år pga dårlegare økonomi, satsar på fleire premiar til neste år.

Vinnarar av turposttrimmen 20 og gåvekort à kr 750:

  • Per Høgheim- Byggvaren Coop Leikanger
  • Nils Magne Slinde – Byggvaren Coop Leikanger
  • Tonje Fjeld Hæreid- Små livsglede
  • Silje Maria Søderholm – Små livsglede

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  • Mia Stadheim – Små livsglede
  • Tarjei Fykse- Byggvaren Coop Leikanger
  • Frida Fykse Lomas – Små livsglede
  • Linda Føleide Skinlo – Byggvaren Coop Leikanger
  • Siv Merete Stadheim – Små livsglede
  • Bente Høgheim – Små livsglede
  • Ingrid A. Amundsen – Små livsglede
  • Linda Grebstad Grinde – Byggvaren Coop Leikanger
  • Knut Grinde – Byggvaren Coop Leikanger
  • Espen Sæterbø – Byggvaren Coop Leikanger

Vi gratulerer alle med god innsats, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år og. Gåvekorta får de i løpet av dei komande dagane!

Syril volleyball i farta!

Syril volleyball har hatt eit innhaldsrikt år, og gruppa har utvikla seg i takt med dette.

Dei fleste kjenner nok til Syril volleyball som eit enkelt tilbod under trimgruppa. Men, i 2024 vart volleyball etablert som ei eiga særgruppe, og har sidan då brukt mykje tid på planleggje og byggje opp nye tilbod. Dette har resultert i at vi no etablerer eit A-lag, tilbod for minivolleyball for born, tilbod til asylmottaket og etterkvart ein open hall for ungdom. Dette har vi gjort samtidig som vi har behaldt trim og moro for alle og einkvar.

Styret for 2025 er: Martin F. Stølen (leiar), Christian Kleiven (nestleiar), Paula Snook (sportsleg leiar), Brage Navarsete (sandvolleyball), Anatolii Yashyn (integrering) og Borgtor Bøyum (kasserar). 

Noko av det som har skjedd så langt i år er:

  • A-laget er no under etablering, og har i haust vorte invitert til å spele treningskampar mot fleire av dei etablerte laga i området, med motstand på 2. og 3. divisjonsnivå. Kjempegøy at vi har ein kjerne på 10–15 spelarar som er interesserte i dette. Vi jobbar no med å finne eit opplegg for meir fast seriespel, anten i lågaste divisjon eller i eigen regionserie/turnering.
  • Vi har jobba mykje med integrering, og har ein eigen representant frå Ukraina i styret som arbeider opp mot asylmottaket. Heile året har vi hatt stor interesse og deltaking frå mottaket. Dei er så mange at dei har eiga bane kvar trening. Dette er unge og vaksne frå heile verda, som finn trening, avkopling og samhald hos oss i Syril.
  • Våren 2025 prøvde vi ut treningar med minivolleyball som ein del av fleiridretten for fleire av dei yngre kulla. Minivolleyball er utvikla av NVBF, med Kåre Mol i spissen, som eit pedagogisk og allsidig opplegg for å få born interesserte i balleik over nett. Vi gjennomførte òg eit trenarkurs på Leikanger i regi av NVBF, og har fått eigne lette minivolleyballar, longnett og anna utstyr gratis frå forbundet. Denne vinteren håpar vi å introdusere meir minivolleyball for dei kulla som er interesserte.
  • Vi planlegg å starte opp med treningar retta mot ungdom måndags ettermiddagar. Meir informasjon om det kjem på Facebook, på Syril.no og informasjon på ungdomsskulen i løpet av dei næraste vekene.

Volleyballgruppa trenar denne sesongen tysdagar og torsdagar 20:00–22:00, med tre baner parallelt: A-laget, open klasse/trim og asylmottaket. Vi har ofte 20–30 spelarar på trening – det er inspirerande. 

Velkomen på trening, uansett nivå, for alle frå 13 år og oppover!

Styret i Syril Volleyball

Pilotprosjektet Syril-rekruttar – vi vil ha dine innspel!

Vi i Syril har jobba med eit nytt prosjekt som vi har kalla Syril-rekruttar. Målet er å gjere idretten meir tilgjengeleg, variert og motiverande for dei yngste – og å skape gode opplevingar som gjer at fleire barn held fram i idretten lenger.

I fyrste omgang ynskjer vi å prøve dette ut som eit pilotprosjekt for 2020- og 2019-kulla, men ambisjonen er at det etter kvart kan bli ein fast måte å trene dei yngste på i Syril.

Presisering (pr 07.11.25): Dette prosjektet vil altså kun gjelde det fyrste kullet, dvs. 5-6 åringane, det fyrste året dei er medlemmar i Syril. Og det vi no ynskjer å få svar på, er om det er stemning for å prøve dette i eitt år.

Endeleg avgjersle på om vi prøver ut piloten, blir teken i hovudstyremøtet til Syril i desember.

Forankring og medverknad

Dette prosjektet skal ikkje «innførast ovanfrå». Vi ønskjer at det skal forankrast godt hos foreldre, trenarar og særgrupper før vi set det i gang for alvor. Alle særgruppene har gitt sine tilbakemeldingar, og no vil vi høyre frå deg!

Vi veit at mange har verdifull erfaring, gode idéar og ulike perspektiv på korleis idretten for dei yngste bør vere – difor ønskjer vi innspel frå alle.
Har du tankar, forslag eller spørsmål? Alle tilbakemeldingar blir tatt med i det vidare arbeidet med prosjektet.

Kva går prosjektet ut på?

I dag tilbyr vi hovudsakleg handball, fotball og friidrett til dei yngste.
Forsking viser at barn som får prøve fleire idrettar utviklar betre rørsleferdigheiter, held betre på motivasjonen – og har det rett og slett meir gøy.

Difor vil vi no prøve eit heilårsopplegg der ca. ein av fire treningar blir brukt til andre aktivitetar enn dei vanlege. Vi vil skape ein kultur der det er aktiviteten og leikegleda, ikkje idrettsgrenen, som står i sentrum når barna er 5–7 år.

Dette er faktisk noko vi har gjort ei stund i handballen, der barneidrett er ein naturleg del av treningane. Med Syril-rekruttar ønskjer vi å vidareføre denne tanken til alle idrettane – gjennom heile året.

Ski held fram som før, sidan det er blanda kull og avhengig av vêret.

Kven gjeld det for?
Pilotprosjektet startar for alvor med 2020-kullet, men vi ønskjer at 2019-kullet kjem i gang allereie no. Då får vi verdifull erfaring og kan justere opplegget før pilotåret startar.
Dersom prosjektet fungerer godt, vil det etter planen bli fast praksis for alle nye kull frå 2027.

Korleis blir det organisert?
Organiseringa byggjer vidare på den strukturen vi har i dag:

  • Kvar treningsgruppe har lagleiar og trenarar for inne- og utetreningar
  • Trenarane får støtte frå sine særgrupper, både i form av kursing, opplæring og utstyr (fotball, handball, friidrett)
  • Vi legg inn alternative treningar etter ein felles årsplan, der dei vanlege trenarane får med seg  kompetanse etter behov (innebandy, minivolleyball, etc.)
  • Foreldre får høve til å bidra med eigne idrettar eller aktivitetar

Har du erfaring frå ein annan idrett – til dømes innebandy, turn eller sykkel – kan du bidra med éi eller to treningar gjennom året. Det er både enkelt, sosialt og gjev ungane variasjon!

Vi har mange dyktige trenarar i Syril, og dei får framleis kurs, rettleiing og støtte frå sine særgrupper. I tillegg ønskjer vi å tilby kursing i barneidrett for dei som vil lære meir.

Kvifor gjer vi dette?

  • For å styrke rekrutteringa og halde på fleire barn lenger
  • For å gi både foreldre og barn betre kjennskap til klubben
  • For å svare ut eit ønske frå foreldre om eit meir variert og fleksibelt opplegg
  • For å støtte opp under Syril sitt samfunnsoppdrag om trygg, inkluderande og helsefremjande aktivitet

Kva får kulla som deltek i piloten?

  • Eigne midlar til utstyr og sosiale tiltak
  • Gratis treningsavgift for 1. klasse og redusert avgift vidare
  • Goodie-bag og eigne «Syril-rekrutt» t-skjorter

Merk at dette ikkje vil påverke økonomien til særgruppene, som blir kompensert for treningsavgift som fell bort.

Korleis blir prosjektet utvikla vidare?

Prosjektet har blitt til gjennom arbeid med Syril sin handlingsplan 2025–2029, og i tett samarbeid mellom særgrupper, AU og barneidrettsansvarleg.

No ønskjer vi å forankre det breitt, med innspel frå foreldre, trenarar og medlemmar før vi bestemmer den endelege forma og om det skal prøvast ut.

Dersom vi prøver det ut, og etter at pilotåret for 2020-kullet er over, tek vi ei samla evaluering på kva vi gjer vidare. Då avgjer årsmøtet i 2027 om dette skal bli fast praksis.

Vi vil høyre frå deg!

Alle særgruppene har komme med sine innspel. Vi håpar du engasjerer deg – både med idéar, spørsmål, ros og konstruktive innspel.
Klikk på lenkja under for å svare på spørjeskjemaet innan 9. november:

Tilbakemeldingar på prosjektet Syril-rekrutt. – Fyll ut skjema

Alle innspel er viktige for å sikre at Syril-rekruttar blir eit godt og forankra prosjekt – laga av oss, for oss.

Ynskjer du å lese meir om prosjektet?
Klikk her for å lese den lange versjonen av infoskrivet 🙂

Syril trivselhandball – bli med!

Har du tidlegare spelt handball, eller har du berre lyst til å røre litt på deg i godt lag?

Vi i Syril trivselshandball treng fleire damer på laget vårt!

Vi trenar måndagar kl. 19:30–21:00 i Saften – eit lågterskeltilbod for deg som vil børste støvet av gamle handballsko (eller prøve noko nytt utan press).

Vi er ein kjekk gjeng jenter og damer frå 16 år og oppover, og vi lovar god stemning, mykje latter og null stress! Høyrest dette fristande ut? Kom gjerne innom på ei trening eller to og sjå om det passar for deg!

For dei som vil, spelar vi nokre trivselskampar i løpet av året – berre for moro skuld. Kampane i år er:

  • 07.11 Sogndal
  • 05.12 Gaupne
  • 06.02 Tangen
  • 06.03 Leikanger

Bli med i gruppa vår på Spond (kode: QBLCL) eller ta kontakt med:

  • Cecilie Dreyer Sørensen – 98269775
  • Sigrun Espe – 99044666
  • Kristine Røyseth – 95073069

Alle er velkomne – her handlar det om å ha det gøy saman! Og i tillegg ønsker me å få til ei juleavslutning med laget, og kanskje andre samankomstar for å treffast og bli bedre kjent utenfor bana.

Dugnad på Kleppa

Set av laurdagane 25.10 og/eller 1.11. Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Vi satsar på ein snørik sesong, og det skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så det er meir enn nok å ta av!

Ta med hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending 🙂

Vi set av to laurdagar, så kom på ein eller kom på begge. Passar ingen av laurdagane og du likevel har lyst til å bidra, så ta kontakt med meg (Inga Henjum Halsnes tlf 936 59 732), så kan vi avtale noko. Det er viktig at ikkje nokon byrjar å rydde der oppe utan avtale med meg. Har du ein kantklippar med blad eller sag, gi gjerne ein lyd til meg og ta denne med. 

Nytt dekke på Syril stadion

Alle som spelar og trenar på stadion veit at kunstgrasdekke er veldig klar for utskifting – Det har sett sine beste dagar, samstundes må ein sei at det jammen har levert varene med tusenvis av timar med treningar, kampar, leik og anna aktivitet.

Dette året jobbar vi med forarbeid knytt til søknadar, økonomi og val av dekke. Det har vore ein brei dialog med mange aktørar; mellom anna krets, forbund og fylkeskommune, samt at me har hausta erfaringar frå andre klubbar. Som mange veit er gummigranulat på veg ut, og det gjer prosessen desto viktigare knytt til val av type kunstgras.

Syril har etablert ei prosjektgruppe som jobbar dedikert med arbeidet. Gruppa består av leiar Sturle Rode Rio, Nils Magne Slinde, Sindre Ramung og Jon Edvin Jørgensen. Dei gjer ein fantastisk jobb som gjer at vi sommaren 2026 etter planen vil ha eit nytt moderne kunstgrasdekke og nytt lysanlegg på Syril stadion! Dette vil vera eit stort løft for både fotballen og bygda.

Denne veka har vi hatt storfint besøk frå anleggsgruppa i NFF som var på befaring for å utføre ein tilstandsrapport, og prosjektet jobbar målretta vidare mot realisering av prosjektet neste sommar.

Dette vil bli eit stort løft for oss – og kjem til stor glede for alle våre fantastiske fotballspelarar, trenarar og andre frivillige.

Handlingsplanen til Syril – kva klubb er vi?

Lurer du på kva Syril som klubb kan tilby og kva vi jobbar aktivt med å få til? Vel – då anbefaler vi deg å ta ein kik på handlingsplanen til Syril.

Handlingsplanen vart vedteken i årsmøtet i Syril i mars 2025.

Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syril sin visjon, kjerneverdiane og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss, og tiltak som set rammer for korleis idretten skal utførast. Vi vil framover ha eit ekstra fokus på å utvikle idretten for dei yngste, slik at vi får med flest mogleg, lengst mogleg.

Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Syril handlingsplan 2025-2029