Stikkordarkiv: KM

KM Futsal 13-19 år i helga

Syril arrangerer kvalifisering til KM Futsal for 13-19 år, laurdag 2. og søndag 3. februar. Kampane laurdag startar kl 11.00 og på søndag kl 1200.

I Sogn vert det spelt i Gaupne og på Leikanger. Sluttspelet der kretsmestrane i Futsal vert kåra går på Sandane 2. – 3. mars.

Det blir mange kampar å gle seg til i Saften i helga!

Kafe med varm mat.

Resultatservice

Møt opp!

innandørsKM – web

Bli med på Byrkjelo

km-byrkjelo-oversiktbildeKM helg på Byrkjelo alle aldersbestemte klassar frå 13 år, samt senior og veteran. Laurdag 19. august tek stemnet til kl. 13.00, slegge startar kl 11.00. Søndag startar stemnet kl 12.00.

For aldersgruppa 10-12 år vert det i same stemne Krinsleikar med deltakarpremiering.

Øvingsutvalet for 10-12 åringane i krinsleikar er: 60 m, lengde, liten ball og 600 meter.

Øvingsutvalet for KM er:ovingsutvalTest spurten, utenhaldenheit, spenst eller om du kan kaste langt!

Ta kontakt med Ingunn Nyhammer (ingunn.nyhammer@gmail.com), tlf 971 17 076 om du vil vere med!

 

 

Kvalifisering KM futsal

Kvalifisering KM futsal aldersbestemt vart gjennomført i helga.

Syril hadde totalt 8 lag frå ulike årskull med, og kampane vart spelt i Vik laurdag og sundag.

Følgjande 4 lag fra Syril kvalifiserte seg til sluttspelet i Trivselshagen på Sandane laurdag 4. og sundag 5. mars:

G 13

J 13

G 16

J 16

Syril Fotball gratulerar alle med god innsats på kvalifiseringa og ynskjer dei som skal på sluttspelet på Sandane lukke til.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Syril damer vann KM futsal 2016

I fjor tok Syril andre plassen, bak Balestrand, i KM futsal i Førde. Den 3.12.2016 stilte Syril med dette laget i Førde:

  • Siv Hickman
  • Stine Gjerde
  • Kristi Vangsnes
  • Julianne Fossberg (mål)
  • Synne Gjerde
  • Ida Bjørk
  • Ane Bjørk

Etter å ha vakna etter det første målet mot seg, køyrde dei over Førde og såg seg ikkje tilbake. Høgt tempo og mykje godt passningsspel gjorde at dei andre laga fekk ei litt for stor utfordring. Med 2 sigrar og 1 uavgjort enda Syril som puljevinnar. Sluttspelet gjekk greit. I semifinalen møtte dei igjen Førde og vann lett 3-0, før dei i finalen avslutta med å vinne 2-0 over Sogndal 2.

img_20161203_193352

Pulje 2

Lag Resultat
Stryn Sogndal 2 1 – 1
Syril Førde 4 – 1
Førde Stryn 1 – 0
Sogndal 2 Syril 0 – 1
Stryn Syril 0 – 0
Førde Sogndal 2 0 – 1

Puljevinnar Syril:

Tabell K V U T Mål P
1 Syril 3 2 1 0 5 – 1 7
2 Sogndal 2 3 1 1 1 2 – 2 4
3 Førde 3 1 0 2 2 – 5 3
4 Stryn 3 0 2 1 1 – 2 2

Sluttspel

Kamp Lag Resultat
A-1/4-1 Høyang Stryn 3 – 0
A-1/4-2 Sogndal 2 Balestrand 2 – 0
A-1/4-3 Syril Tambarskjelvar 2 – 0
A-1/4-4 Sogndal 1 Førde 2 – 3
A-1/2-1 Høyang Sogndal 2 0 – 2
A-1/2-2 Syril Førde 3 – 0
A-F Sogndal 2 Syril 0 – 2

KM-sluttspel Jenter 15/16 11ar

Etter endt seriespel er det klart for KM-sluttspel for J 15/16 11 ar. Laga på dei fire første plassane spelar om KM-tittelen. Følgande klubbar deltek, rangert etter plass på tabellen:

  1. Syril
  2. Sogndal IL
  3. Stryn TIL
  4. IL Jotun

Måndag 3. oktober, kl. 19.00
Kamp 1: Syril – Jotun
Dommar: Oda Bjelde, Sogndal IL.

Torsdag 6. oktober, kl. 19.00
Kamp 2: Sogndal – Stryn
Dommar: Elise Selland, Hafslo IL

Måndag 17. oktober, kl. 19.00
Kamp 3: Vinnar kamp 2 – vinnar kamp 1

Laurdag 22. oktober, kl. 15.00.
Kamp 4: Vinnar kamp 1 – vinnar kamp 2.