Syril har lufta trakkemaskina ein liten tur. Har du kjøpt ski, akebrett eller kjelke på Black Friday, kan du prøve det ut!

Syril har lufta trakkemaskina ein liten tur. Har du kjøpt ski, akebrett eller kjelke på Black Friday, kan du prøve det ut!

Vi har mykje å gjere på Kleppa for å gjere klar løype, bakke og skitrekket, så vi treng god bemanning begge dagar.
Send melding kva dag du stiller! Vi treng oversikt over kor mange som kjem og kva utstyr dei har for å planlegge dugnaden.
Dugnaden startar kl. 10:00 og varer til 15:00 begge dugnadsdagar.
Oppgåver
• Kutte tilvekst av vegetasjon i alpinbakke, trekktrace og lagrennsløype (det gror godt så vi treng mange til dette).
• Vedlikehald av grøfter i langrennsløypa.
Ta med:
• Matpakke og drikke (Vi samlast for mat i gapahuken kl. 12.30).
• Ryddesager, motorsager og handsager (vedsager og greinsaker). NB! Hugs verneutstyr.
• Hanskar, hørselsvern
Syril held miljøbensin til motorsag/ryddesag.
Vi treng mange ryddesager og 2-3 motorsager kvar dugnadsdag. Den som bruker eiga motorsag/ryddesag får den reparert for inntil kr. 1000,- om den havarerer under bruk på Kleppa.
For å ha kontroll på kapasitet/utstyr, ber vi alle gi melding om kva dag (ar) du kjem, og kva utstyr du tek med! Send melding til katrinerwilson@gmail.com
Bli gjerne med begge dagar.
Den årlege «før snøen kjem- dugnaden» på Kleppa/ Øvstestølen blir 19. og 26. oktober. Vi håpar på ein god og snørik vinter. Og med dykkar hjelp skal vi nok få gjort det som må til for å gjere klar løyper, bakke og skitrekket, så eg håpar mange har anledning å stille!
Send melding om kva dag du stiller! Vi treng oversikt over kor mange som kjem og kva utstyr de har for å planlegge dugnaden.
Dugnaden startar kl. 10:00 og varer til 15:00 begge dugnadsdagar. Klokka 12:30 tek vi matpause ved skihytta.
Oppgåver
Veit du om spesielle oppgåver som bør gjerast ut over dette – gi meg ei melding!
Ta med:
SYRIL held miljøbensin til motorsag/ryddesag.
Vi treng mange ryddesager og 2-3 motorsager kvar dugnadsdag. Den som brukar eiga motorsag/ryddesag får den reparert for inntil kr. 1000,- om den havarerer under bruk på Kleppa.
For å ha kontroll på kapasitet/utstyr, ber vi alle gi melding om kva dag (ar) du kjem, og kva utstyr du tek med! Send melding til gunnar.soderholm@vegvesen.no
Vel møtt!
For Skigruppa, Gunnar Søderholm