
Kampar veke 37


Det er nokre år sidan det var endringar i trimprogrammet. I 2017 vil vi gjere endringar som medfører at vi flyttar på tenger som inngår i klippekortet.
I Huksdalen må tengene hentast inn i haust. Sidan ein tek vekk gangunderlaget på brua til Nyastølen i oktober, ber vi om at alle som har att postane Nyastøl og Stavsete snarast får dei unna. Tengene vil bli samla inn seinast 1. oktober.

Synne Gjerde og Andrea Henjesand er uttekne på kretslaget for J 2001. Jentene skal delta på turnering den 18.september på Høddvoll stadion i Ulsteinvik. Der skal Sogn og Fjordane FK møte Nordmøre & Romsdal FK og Sunnmøre FK. 2 oktober skal dei på Eid og spele mot Sunnmøre FK.
Syril Fotball gratulerar og ynskjer dei lukke til!
Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar
Syril herrer slo mandag 5. september Bjørn 5-1 i Gaupne og toppar no tabellen i 5. divisjon med tre kampar att å spele. I videoen kan du sjå måla frå kveldens kamp.
Video av Kent Fimreite
Tursesongen går mot hell, men det framleis god tid att til å få gjort unna dei siste klippa. Erling Røysum Sport AS eller bokhandelen/Små Livsgleder er klar til å ta imot kortet ditt. Syril Trim hentar dei innleverte kort 1. november og det blir trekning i løpet av november.
Du har att 2 månadar til å få på plass dei siste klippa.

Som einaste Syrilspelar er Nora Henjesand utteken på kretslaget for J 2003. Saman med 22 andre jenter frå fylket er ho utteken i bruttotroppen som skal ha samlingar no i haust.
Syril gratulerar og ynskjer ho lukke til!
Team Sogn sitt sonelag J2003 skal i haust spele i ENIVEST-serien. Frå Syril er Silje Nesdal, Nora Henjesand, Snit Ogbai og Runa Vangsnes tekne ut i bruttotroppen. Første turnering er på Syril kunstgras 27-august. Alle dei 4 jentene frå Syril er med i den troppen. Sogn skal spele kampar mot Sunnfjord og Nordfjord.
Team Sogn sitt sonelag G2003 har og teke ut bruttotropp til turneringa på Syril kunstgras- Frå Syril vart Gøran Njøs og Sindre Husabø Thue tekne ut. Her er troppen til turneringa ikkje klar enno.
Akademilaget Kaupanger for J2002 har teke ut ein bruttotropp for akademiserien i haust. Frå Syril er Dina Krosshaug, Vilde Oppdal Jakobsen og Oline Kleiven tekne ut. Til kampane vert det teke ut ein tropp på 14 utespelarar og 2 keeperar. Turneringane er i Sogndal 3.september og på Eid 12.november.
Syril fotball ynskjer alle saman lukke til!
Jan Tore Slinde, sportsleg leiar

Video av Kent Fimreite