Syril har lufta trakkemaskina ein liten tur. Har du kjøpt ski, akebrett eller kjelke på Black Friday, kan du prøve det ut!

Syril har lufta trakkemaskina ein liten tur. Har du kjøpt ski, akebrett eller kjelke på Black Friday, kan du prøve det ut!

Laurdag 4. februar var det mykje liv på Kleppa. Først på dagen var det skikarusell med om lag hundre ungar. Seinare på dagen var det tid for Klepparenn, og slik som i fjor så var det lagt opp til skicross.
Skicross er ei løype med meir nedoverbakkar enn oppoverbakkar. Det er laussnøkjøring, kuler, litt slalåm, hopp og kast på blink. Det var over tretti deltakarar frå 5-15 år. Flest deltakarar frå Syril, men og ein del som tok turen frå Sogndal.
Ein flott skidag!





Sonerenn, Skicross på KLEPPA –
Laurdag 4. februar, 13.00.
Syril inviterer til skirenn, skicross, på Kleppa. Kjem det berre litt snø før 4. februar blir det langrenn med skicross-element.
Påmelding:
Gjennom Min idrett – Påmelding (nif.no)
eller e-post: torgru63@gmail.com
Frist 02.02.23
Startkontigent: 70 kr
Betal til kontonr. 3781 07 31029 eller ved henting av startnr.
Klasser og løypelengder:
Det er årsklassar frå 7 år -14år og ei klasse for 15 år og eldre
Det er to løyper, der lengde og utfordringar tilpassa alder. Alle køyrer løypa to gonger med tidtaking. Løypa blir open for å prøve før rennet.
Premiering: Premiar til alle deltakarar.
Vel møtt til ein fin skidag på Kleppa!
Syril, skigruppa
Vi har lufta trakkemaskina. Det er trakka ein liten runde på Øvstestølen, gode skøyteforhold. Greier du ein runde før julafta?
Førstkommande torsdag startar skileik på Kleppa.
1.- 3.klasse: Torsdag kl.17.30 – 18.30
4. klasse og oppover: Torsdag kl. 18.30 – 20.00
Kvar aktivitet vil bli lagt ut på spond, slik at vi enkelt kan oppdatere i høve snøforhold. Trenarar vil vere frå foreldregruppa.
Vi legg opp til varierte leikar for å gi skiglede og dugleik basert på Norges skiforbund sine råd om aktivitet for barn.
Klepparennet er dessverre avlyst grunna manglande snø.
Klepparennet er flytta til Hodlekve. Nærare beskjed om det vert renn eller ikkje kjem fredag eller laurdag morgon.
Syril inviterar til SSF Cup Klepparennet søndag 16.januar. Rennet startar kl.12, og stilarten er klassisk intervallstart.
Påmeldingsfrist er fredag 14.janaur kl. 23.59. Grunna restriksjonar med kohortar tek vi ikkje etterpåmeldingar.
Les meir om påmelding, premiering, klassar og distansar, start og anna informasjon her: Klepparennet
Vi oppfordrar alle som bruke skiløypene til å bidra kort eller lang tid. Ta med barna! Vi blir fleire der med barn og vi trenger hjelp av alle
Skiløypene må ryddast for tilvekst for at trakkemaskinene skal komme fram til vinteren. I år fokuserer vi på løypene på Øvstestølen og området der oppe. Ta med:
Vi møtes på Kleppa ved skihytta laurdag 30.10 kl 10 og går samla opp. Bli med så łenge du kan…
PS! Mesteparten av løypene på Øvstestølen vart gått over forrige laurdag.
Det er duka for Team-Sprint under Ski-VM frå kl.11 på NRK 1 i dag. Hjalmar Michelsen vil kjempe som ein av to utvalde på det danske laget. Her vil det danske laget kunne møte lag som Norge, Sverige og Russland. Følg med på NRK 1 frå kl. 11 søndag. Me heiar og ynskjer Hjalmar lukke til!
