Kategoriarkiv: Langrenn

Løypeavgift 2016

Løypeavgift er fastsett for 2016. Informasjon om denne vil du finne under menyen Anlegg og så Kleppa.

Alder Pris
Person 0-6 år Gratis
Person 500
Familie Alle i familien 800

Løypeavgift Kleppa kan betalast til Syril sin bankkonto 3781.07.31029 og merkast med namn og Løypeavgift Kleppa.

Flotte forhold på Kleppa og oppover

Over Damefall
Foto: Kari Kitty Stadheim

Trakkemaskina var ute tidleg 26.12 og køyrde opp løyper på Kleppa, Øvstestølen og opp til Kalbakk. Fleire rapportar om glimrande forhold  på Øvstestølen og godt med snø oppi.

Det berre å finne fram bortover- eller toppturskia og kome seg ut før mildveret set inn. Det kan bli noko vindigt dei komande dagane. Hugs tilstrekkeleg med klede og gjerne noko varmt i termosen.

PS! Det er ikkje nok snø i slalombakken. Trekket går ikkje.

Tur til Hemsedal

Første helga i desember reiste langrennsgruppa i Syril til Hemsedal, heimplassen til hovudtrenaren vår Simen Bækken, for å førebu sesongen. Andreas og Klaus, Erlend, Sverre og Trygve nytta både skøyteskia og dei klassiske skia i dei preparerte langrennsløypane på Gravset. Laurdagen fekk Sverre og Trygve testa forma i sesongen første skirenn, men smøreteamet var ikkje heilt førebudd. Glida var ikkje det beste, men feste var godt på det våte føret (Rode spesial). Ein kjekke tur med god mat og hyggeleg lag!