Hjalmar Michelsen frå Syril er teken ut til å representere Danmark under VM i Oberstdorf i Austerrike. VM går av stabelen i perioden 25.februar til 7.mars. Hjalmar er teken ut til sprint, men skal og gå kvalifisering til 15 km Fristil, og vere aktuell i uttaket til Team – Sprint.
Her vil han konkurrere mot verdenseliten med Klæbo, Bolsjunov og Iversen i spissen. I 2020 fekk Hjalmar sin internasjonale debut, då han leverte gode prestasjonar under Ungdoms-OL i Laussane.
Me gratulerar Hjalmar så mykje og ynskjer han lukke til i VM!
MERK!Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette».
Klassar, løypelengder og startkontingent:
Gutar/menn
Lengder
Jenter/kvinner
Lengder
Startkontingent
7 år og yngre
1 km
7 år og yngre
1 km
Kr. 50,-
8 – 10 år
1 km
8 – 10 år
1 km
Kr. 50,-
11 og 12 år
2 km
11 og 12 år
2 km
Kr. 50,-
13 og 14 år
3 km
13 og 14 år
3 km
Kr. 50,-
15 og 16 år
5 km
15 og 16 år
5 km
Kr. 50,-
17 – senior
10 km
17 – senior
5 km
Kr 50,-
Premieutdeling med premie til alle etter rennet. Deltakarar som er 10 år og yngre får premie rett etter målgang.
Løypekart og startliste vert lagt ut seinast fredag kveld. Minner om krav til skilisens i forhold til gjeldande reglement, for løparar over 13år.
På grunn av den pågåande koronapandemien er det avgrensing på 200 personar på arrangement, sida rennet er lokalt reknar vi med at det ikkje trengst å avgrense tal føresett. Skulle det etter påmelding vise seg at det blir over 200 personar, vil det bli avgrensing på tall føresette.
Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:
Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
Hugs god hand- og hostehygiene
Hald minst 1 meters avstand
Alle må registrere seg når dei kjem til arenaen (arrangør hjelper til med registrering).
Vel møtt til skirenn på Kleppa! Rennleiar Torunn Grut Mobil: 91740637, torgru63@gmail.com