Sundag 15.januar er det futsalturnering for 10-14 år i Leikangerhallen. Det er kampar heile dagen frå kl.10 til kl.17. Møt opp for ein dag fylt med spennande fotball innandørs. Kiosken er og open. Ta sundagskaffien i Leikangerhallen!
Kategoriarkiv: Fotball
Heidersteikn og prisar
I helga var det Miljøhelg i Førde. Over 200 deltakarar frå heile fotballfamilien i gamlefylket var samla for fagleg påfyll, sosialt og festmiddag. I tillegg var det leiarmøte sundagen. Magna Vangsnes og Steinar Henjum vart tildelt blå diplom for sin innsats over lengre tid for Syril fotball. Gratulerar til begge! I tillegg fekk Syril pris for årets TINE fotballskule; plakett og 4 minimål.



Grunngjevinga for tildelinga av pris for årets fotballskule:
«Klubben er kvalitetsklubb og har i mange år vore dyktig på rekruttering av jenter, både blant aktive, trenarar og på leiarsida. Dette gjeld også for årets TINE Fotballskule.
Totalt 75 born deltok på fotballskulen. Blant dei var 43% jenter og på trenarsida var jenteandelen ca 50%. I tillegg hadde dei invitert to kretslagsspelarar frå klubben på jentesida som gjesteinstruktørar, noko som var kjekt og inspirerande for små fotballjenter. Keeperopplegget var populært og godt organisert. Kretslagskeeper på jentesida hadde m.a. ansvar for sportsleg opplegg og gjennomføring for jentekeeparar.
Klubben inviterte KA-trenar og KA-klubbutvikling med på instruktørsamling i forkant av fotballskulen. Sportsleg opplegg samt ei praksisøkt ute på bana vart gjennomført. Dei hadde ein god fagleg plan for gjennomføring, og sportsleg ansvarleg for fotballskulen var tilstades og fulgte opp instruktørane.
Fotballskulen hadde eit flott fokus på kosthold med brødmat, varm lunsj, TINE-ost og drikkeprodukt samt servering av frukt i alle pausar. Ungane fikk også informasjon om kor viktig det er med kosthold – drikke og ete godt for å kunne vere aktive ein heil dag på fotballskulen. Mange vaksne deltok i dugnad i samband med matserveringa og borna var samla rundt pådekte bord i gymsalen.
Det var ein god atmosfære og eit opplegg som fremma trivsel for alle som var med. Instruktørane var flinke med ungane og mange vaksne tilstades bidrog til å skape trygge rammar.
Klubben i Sogn scorar høgt i høve fokusområda i TINE Fotballskule og framstår som ein verdig vinnar i vår krets i 2022!»
Fotballaurdag

invitera bygdafolket til fotballaurdag på Syril stadion laurdag 10.9
Denne dagen blir det spela 4 kampar.
Klokka 11.15 startar første kamp og det er J10 som er først ut og dei skal møte Årdalstangen
Klokka 12.45 er det klart for ein ny spanande kamp der G11 møter Jotun 1
Klokka 14.15 skal G13 kjempe om poenga mot Florø
Klokka 16 er det klart for siste kampen der herrelaget skal måla kreftene mot Hafslo
Mot opp og støtt laga våre i det som ser ut til å bli ein fantastisk
og spanande fotballdag på Syril stadion.
Det vil vera mogleg å kjøpe grillmat og mykje anna godt i Syril-kiosken.
Kiosken vil vera open frå ca. klokka 11 til 18.30.
Grillen er i full drift frå ca. klokka 13 til 17.
Det blir i tillegg loddsal med nyttige og smakfulle premiar!
Få med deg familie og vener, ta ein sein frukost, lunsj eller middag på stadion
medan de får servert flott underhaldning på bana.
Me kjem! Kjem du?

Norway Cup 2022
Norway Cup 2022
Etter to år utan Norway Cup, stiller Syril fotball i år med 3 lag i Norway Cup, J14, G14 og G15/16.
To av laga våre reiser austover med buss. J14 reiser med vår eigen Syrilbuss og G14 reiser med lånt buss frå Vik IL.
Alle som har spelt fotball kan nok kjenne att følelsane det gir å reise til kamp eller cup med heile laget samla i felles buss.
Ein slik busstur kan vera med på å bygge samhald, gi fine opplevingar og å skape gode minner.
Vi vil difor rette ein stor takk til Vik IL for lån av buss. Samstundes vil vi gratulera Vik IL og G16 med eit fantastisk resultat i Dana-Cup.
Vi ynskjer våre lag lukke til under årets Norway Cup!
Heia heia Syril!

PS! Syril G15/16 sine kampar blir strauma på direktesport.no.
Måndag 1. august: kl. 19. Froland IL (G15/16) – Syril IL (G15/16) Bane 7 Ekeberg
Tysdag 2. august: kl. 17. Syril (G15/16) – Tertnes fotball herrer (G15/16) Bane 7 Ekeberg
Tine fotballskule 2022
Måndag 8.august til torsdag 11.august arrangerar Syril Fotball Tine fotballskule for dei som er fødde i 2014, 2013, 2012, 2011 og 2010. Meir informasjon om opplegget og påmelding finn du her: Tine fotballskule 2022
Terje Skjeldestad keeperskule
Informasjon om Terje Skjeldestad keeperskule:
http://www.keeperskule.no/nyheit/f-med-deg-keeperskule-p-kaupanger-1719-juni-2022
Tine fotballskule 2022
Måndag 8.august til torsdag 11.august arrangerar Syril Fotball Tine fotballskule for dei som er fødde i 2014, 2013, 2012, 2011 og 2010. Meir informasjon kjem.
Sitteunderlag til utlån i Syrilkiosken
Brukarane på dagsenteret har strikka sitteunderlaga til utlån for tilskoderane på Syril stadion. Sitteunderlaga ligg i Syrilkiosken. Dei som låner dei må levera dei inn etter bruk. Sitteunderlaga tåler ikkje å ligge ute i regn og snø.
Om nokon vil støtta oss kan dei gi oss eit bidrag i sparebøssa merka: “Dagsenteret”.
Syril fotball takkar brukarane på dagsenteret for gåva, og håpar mange nyttar seg av dei, og gir bidrag til innkjøp av meir garn.

Årsmøte fotballgruppa
Tysdag 1.mars kl. 19 i Saften 4.etasje
Sakliste:
- Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Årsmelding
- Rekneskap
- Saker; Kjøp av utstyr til vinterdrift
- Treningsavgift 2022
- Budsjett 2022
- Val
Velkomen!